Varden

Annonsorinnhold

Statsministeren i mjølkekonkurranse

Statsministeren i mjølkekonkurranse

Statsminister Erna Solberg besøker Dyrsku’n 14. september. Statsministeren skal halde den offisielle opningstala kl. 15.00 og delta i den store landbruksdebatten.

Panelet  i landbruksdebatten er politisk topptungt og vil utover statsministeren bestå av Landbruks- og matminister Bård Hoksrud, Ap-leiar Jonas Gahr Støre, og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Tema for debatten er tørke, klima og berekraft. «Vi er glade og tilfredse med at den politiske eliten i Noreg ynskjer å vere med å setje fokus på desse viktige problemstillingane på Dyrsku’n. Som Noregs største handels- og landbruksmesse skal Dyrsku’n vere ein arena der store nasjonale og internasjonale spørsmål blir belyst. Vi ser fram til ein spennande og nyttig debatt om eit tema som er blitt svært aktualisert i løpet av ein utfordrande sommar for norsk landbruk», seier dagleg leiar i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen.

Fredag kl. 17.00 er det duka for mykje moro med mjølkekonkurranse på Sterke Nils-tunet. Politikarar og Farmen-kjendisar skal konkurrere om å mjølke mest på eitt minutt.

På det eine laget stiller statsminister Erna Solberg, landbruksminister Bård Hoksrud og realitykjendis Petter Pilgaard. Dei skal konkurrere mot leiar av Ap Jonas Gahr Støre, leiar av Sp Trygve Slagsvold Vedum og tidlegare supermodell Vendela Kirsebom. Kirsebom blei som kjent litt forelska i ei telemarksku under innspellinga av Farmen Kjendis. No skal ho få testa om ho er betre til å mjølke nettopp ei slik ku enn landbruksministeren.

Årets Dyrsku har eit omfattande og spennande program for alle som gjester den tradisjonsrike marknaden. Det vil vere grilling av grangris, spennande debattar i Møt landbruket-teltet, smakar frå heile Noreg  og eit vell av aktivitetar for heile familien.

Vi ynskjer velkommen til folkefesten Dyrsku'n 14.-16. september! 

Innholdet i denne artikkelen er ikke lagd av Vardens redaksjon, men av Vardens annonseavdeling.

Varden er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på varden.no er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post: annonser@varden.no