GODT SPRÅK: Varden-journalist Halvor Ulvenes får Målblomen for det gode språket han nyttar i avisspaltene. Prisen vart overrekt av Torhild Aavik (t.h.), leiar i Bø Mållag. FOTO: MARIT LINDVIK TVEITT

Målpris til Varden-journalist

Journalist Halvor Ulvenes ved Varden sitt Bø-kontor er heidra med Målblomen av Bø Mållag.

Annonse

- Veldig moro og hyggeleg å bli sett slik pris på i nærmiljøet. Dette gjer meg både stolt og glad. Prisen er også ein stor oppmuntring for meg som jobbar med språk i det daglege, seier Ulvenes som har arbeidd i Varden i snart tjuge år.

Målblomen får han fordi han skriv knakande god nynorsk, slik Bø Mållag og mange andre ser det. Ulvenes sitt avisspråk er alltid på nynorsk. Mållaget meiner han skriv med ein rik og presis penn. Nynorsken hans er kort og godt god, ifølgje Bø Mållag som deler ut Målblomen til menneske og institusjonar som på ein positiv måte brukar nynorsk i det offentlege rom.

Prisen delast ut to gonger i året. Av dei som har motteke Målblomen tidlegare kan nemnast Bygdabillby Band (no Ni Liv), Bø bibliotek og Maurtua barnehage. Prisen består av blomar, eit lite diplom og masse heider og ære.
- Dette må kunne seie var ein fin start på ferien, seier prisvinnar Ulvenes.


(Arkivartikkel fra 26.06.2007)
 



Jobb i Telemark (191)