OSLO 20080218: Byggeplass. Bygningsarbeider. Silhuett. Akerselva Atrium. Arbeider mot blå himmel. Tar seg en pause. Hvilepause. Rekkverk. Foto: Jarl Fr. Erichsen / SCANPIX

Seniorar i arbeidsmarknaden?

Annonse

n n Det har dei siste åra vore ein aukande tendens til at folk slutter å arbeide før den ordinære pensjonsalderen slår inn. Vidare ser me også at talet på uføretrygda aukar og fleire nyttar seg av friviljuge tidlegpensjonsordningar som avtalefesta pensjon, AFP.

n n Det bør vere eit sentralt mål å snu denne trenden, samtidig som det også er viktig å ta omsyn til den enkeltes individuelle ønskjer og behov.

n n Enkelte eldre er slitne etter ein lang yrkeskarriere og kan ha behov for å trappe litt ned. Andre ønskjer rett og slett ein lengre pensjontilværelse. Men det også forhold som trekker i retning av at fleire faktisk kan fortsette lenger i arbeid. For det fyrste er dagens 60-åringar friskare enn tidlegare og det er også muleg å tilrettelegge arbeidet betre.

n n Det er ingen tvil om at dei eldre er i ein utsett posisjon i arbeidsmarknaden. Me ser mellom anna at eldre i større grad enn yngre må forlate arbeidet i samband med omstilling og nedbemanning. Manglande kompetanse i forhold til nye krav er også ein viktig forklaring på kvifor mange eldre har problem med å halde på ein jobb eller eventuelt å få ein ny jobb.

n n Samfunnet vil trenge mange fleire hender ute i arbeidslivet. I eit arbeidsliv der den enkeltes kompetanse blir ein stadig viktigare ressurs, må alle arbeidstakarar ha høve til å utvikle seg på jobben, bygge på eller bygge om sin kompetanse og ha innflytelse på eigen arbeidssituasjon. Det er viktig for å ta alle sine evner og ressursar i bruk.

n n For at fleire skal kunne fortsette lengre i arbeid, er det derfor viktig å gjennomføre tiltak som stimulerer eldre til å fortsette i arbeid og motvirke haldningar eller praksis som gjer at eldre støytast ut av arbeidslivet. Målet må vere at seniorane får ein reell sjanse til å stå i arbeid. Derfor må både private og offentlege arbeidsgjevarar ta omsyn til at arbeidstakarar i forskjellige delar av livet har høve til å yte forskjellig. For det er nemleg mange som er høgst oppegåande, men som likevel ønskjer å arbeide litt mindre.

Stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen, Ap


(Arkivartikkel fra 24.09.2009)
 



Jobb i Telemark (178)