INSPIRASJON

INSPIRASJON: Stolen «Lillegull» er inspirert av Dolly Parton.

Møt Lillegull, Roy og andre 100-åringar

Ein 100 år gamal damestol står klar i knall rosa drakt. Ein annan er trekt med flekkete giraffmønster og ein tredje er lekker i lilla.

Annonse
GJER MØBLANE SJØLV

GJER MØBLANE SJØLV: Turid Skjævestad frå Treungen har trekt om møblar i 20 år. Ho elskar mønster og sterke fargar.

FARGEGLAD GANG

FARGEGLAD GANG: Juksepelsen som Turid kjøpte i Puerto Rico då ho var på sjøen, prydar gangen.

SKAPER LIV

SKAPER LIV: Fargeglade stolar i gangen, trekt om med Designers Guild-stoff.

FOR PRINSESSER

FOR PRINSESSER: Soverommet til Turid er ein rosa prinsessedraum. Damestolen har låge ermlene fordi krinolinene til damene skulle få plass på stolen.

ORIGINAL

ORIGINAL: Denne gamle puffen har fått bevare originaltrekket.

PUFF PÅ PUFF

PUFF PÅ PUFF: Små puffar er trekt om i restar etter størremøbeltapetseringar.

UFERDIG

UFERDIG: Denne 50-talsstolen er ikkje heilt ferdig enno. Nokre saumar står igjen på undersida.

50-TALS

50-TALS: To 50-talsstolar har fått nytt uttrykk i rosa og turkis.

COWGIRL

COWGIRL: Frynsejakka blei kjøpt på countryfestival i Seljord og er fast festivalantrekk for Turid Skjævestad.

DAMESTOLAR

DAMESTOLAR: To 100 år gamle damestolar er trekt om i lilla og står på gjesterommet.

FOR GJESTENE

FOR GJESTENE: Gjesterommet er i lilla og svart.

ROY

ROY: Hotellstolen «Roy» er trekt om med ein 80-tals gensar, og står på det turkise kjøkkenet.

KNALLKJØKKEN

KNALLKJØKKEN: Den gamle kjøkkeninnreiinga frå 60-talet er måla turkis med blank Shipolin båtmåling. Det hundre år gamle bordet er i matt svart.

GJENBRUK

GJENBRUK: - Det er galskap å hive det ein kan bruke på nytt, synest Turid, og serverar kaffe i ein nydeleg gamal kopp med gullkant.

COWBOYLAND

COWBOYLAND: Turid Skjævestad elskar bymøblar, men i kjellarstoga er det cowboystilen som rår.

BLÅTT STILLEBEN

BLÅTT STILLEBEN: Blått i blått i glaskarmen.

LYS OG MØRKE

LYS OG MØRKE: Veggene er lyse, bord og dører svarte, stolane skaper liv med sterke fargar og mønster i stova.

VAR POSTHUS

VAR POSTHUS: Huset til Turid Skjævestad blei bygd i 1960 og hadde posthus i kjellaretasjen.

Annonse

Hender med lange, velpleia, rosa neglar serverar kaffe ved eit svartmåla gamalt kjøkkenbord. Eller – kjøkkenbord er det vel eigentleg ikkje, når ein ser etter. Under bordplata er tre små skuffar med nydelege handtak og stolbeina avslører rokokkostil, som er ein hundreåring verdig.

Facebook-knapp kommer her

– Eg kjøpte det på loppis for hundre kroner. Det har sikkert vore eit toalettbord, eller eit skrivebord, seier dama med dei rosa neglene.

– Det e’ et ekte bymøbel. Det e det mi li’er, vettu, seier ho på klingande arendalsk, tenner ein heimerulla røyk og smiler med heile ansiktet.

For eit par år sidan flytta Turid Skjævestad frå Arendal by til vesle Treungen bygd. Dottera Pernille hadde overtatt Tveitsund Blomar og gåver, og mamma Turid kom etter for å hjelpe til i butikken. I dag er ho tilsett tre dagar i veka i blomsterbutikken, har kjøpt det vesle, gamle posthuset i Treungen sentrum, og stortrivst på bygda.

Gamle posthuset

Huset er eit lite 60-talshus i to etasjar. Tidlegare heldt posten til i kjellaretasjen, medan 1. etasjen var bustad. No bur Turid saman med hunden Thea i huset, der ho har bymøblane sine i fyrsteetasjen og cowboyland, som ho kallar det, i kjellaren.

Arendalsdama reiser nemleg gjerne på countryfestivalar. Då kler ho seg opp i den frynsete, svarte cowboyjakka si, plasserar ein cowboyhatt i ein knall farge på hovudet og dreg på festival. Gjerne i den vesle, søte rosa campingvogna hennar, som står og ventar ute i snødekt hage.

– Ja, mi li’er festivaler, vettu, seier Turid og ler.

Idolet Dolly

Inne i stova står to store bilde i plakatstorleik av countrystjerna Dolly Parton på golvet. Dei skal opp på stoveveggen og vere blikkfang bak fjernsynet. Men det som gjev endå større inntrykk i huset er dei mange stolane, som er trekt om knallfargar og dristige mønster. Den eine lenestolen har fått namnet «Lillegull» og er inspirert av nettopp Dolly Parton.

– Ho er eit unikum altså, meiner Turid, og snakkar om musikaren Dolly.

Dollystolen er trekt om med stoff frå gamle gardiner, men Turid brukar gjerne dyre, slitesterke møbelstoff når ho skal forvandle ein gamal travar til ein moderne stolvariant. Kor mange stolar ho har trekt om, er ho ikkje sikker på, men tippar på ein 60-70 stykke.

Dyr hobby

Det starta med eit møbeltapetserarkurs på Aftenskolen i Arendal i 1992. Ein heil gjeng deltok på kurset, og Turid lærte å trekke om ein stol frå botnen av. Fem-seks timar med handsaum går med til ein stol. Og det er ein dyr hobby.

– Nei, det lønner seg ikkje å trekke om. Du skal vere veldig glad i stolen, seier Turid.

Skikkelege møbelstoff kan koste opp mot eit par tusen kroner meteren. Men så har ein stolen lenge. Gode stoff falmar ikkje så fort i sola og dei har god slitestyrke.

Nokre stolar, gjerne pinnestolane i huset til Turid, har ho trekt med andre stoff. Ein gamal gensar i leopardmønster, eller mammas gamle skinnjakke, har blitt fine setetrekk.

Puff på puff

Under det runde salongbordet i stoga står ikkje mindre enn seks små puffar i ulike storleikar og ulike fargar og mønster klare. Her er det gjerne restar etter større møbeltapetseringar som har fått sine plassar.

– Eg er ikkje noko pastellmenneske, og her er ikkje noko som minner om shabby chic. Sterke raudfargar likar eg. Eller turkis er også fint, det passar til alle andre knallfargar, seier Turid, og viser rundt i huset.

Gjesterommet er gjennomført i lilla, gangen har knall orange, kjøkkeninnreiinga er måla i blank, turkis Shipolin båtmåling, stoga har både turkis og rosa og andre fargar, medan Turids eige soverom er prinsesserosa. Det vil seie, veggane i huset er rolige og kvite, bord, dører og karmar er svarte, men det er altså sittemøblane som spritar opp med alle moglege knallfargar.

– Ja, eg søv her no, for eg er jo ei prinsesse, spøker Turid.

Dei rosa møblane, som no står på soverommet, var tidlegare plassert i ein prinsesskrok i stoga. Ein stor liksom kongestol med trekk i knallrosa blei bruka til bursdagar.

– Eg trekker aldri møblar etter tidsepokar, men etter det eg vil ha, seier Turid Skjævesland.

Kjenner du kreative personer som fortjener et besøk av Varden? Tips oss på sms, skriv kodeord «VA Tips», din melding og send den til 2303, eller på e-post til redaksjonen@varden.no.

 



Jobb i Telemark (179)