SKJENKING: Geir Venås serverer vatn til Aasmund Skori vedskjenkarsteinen på Primkleiv, husmannsplassen som ligg ved Skarsvegen. ALLE FOTO: PER-ÅGE ERIKSEN
200 i kulturminneløypa
Den offisielle opninga av kulturminneløypa Skarsvegen vart ein braksuksess. Rundt 200 menneske frå ulike delar av fylket gjekk i går etappen på sju kilometer frå Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal.
POPULÆR: Skarsvegen, som vart offisielt opna i går, samla deltakarar fråulike delar av fylket.
HULDRA: Huldra, spela av Reidun Øverland, dukka brått opp på Nord-Skaret.
FOLKSAMT: Folksamt på Nord-Skaret i går.
SUPPE: På Nord-Skaret vart det servert gammaldags kjøtsuppe av beste merke.
Skarsvegen vart trekt ut som pilotprosjekt i sam- band med kulturminneåret 2009.
Ei arbeidsgruppe beståande av Knut Dyrland, Svein Vetle Trae og Sigrun Dyrland Eidal (alle frå Åmotsdal sogelag), forfattar av boka Skarsvegen, Harald Aakre og kultursjef i Seljord, Asle K. Bø, har utarbeidd informasjon om Skarsvegen.
Harald Tallaksen frå Statens Vegvesen har teke seg av skilta langs løypa.
5000 år gammal
Truleg har traseen vorte nytta av fangstfolk for 5.000 år sidan. Fjellbygdene hadde gode byttemiddel i kjøtt, pelsverk og malm.
Skarsvegen vart nedlagt i 1860. Fram til da var den og ein viktig kommunal veg.
Soknepresten i Seljord heldt anneksmesse i Åmotsdal kyrkje kvar tredje eller fjerde sundag.
Godt turver
Landskjende Magnus Brostrup Landstad har skildra turen og folkerlivet i «Aneksreisen».
I går koste dei mange turdeltakarane seg langs den artige vegen, som byr på mange flotte naturopplevingar. Hovudstoppen var på praktfulle Nord-Skaret, der det vart servert både suppe og god underhaldning.
(Arkivartikkel fra 17.08.2009)

















