FULL AV GULL: Gudmund Tveito (t.h.) låg godt an etter to øvingar, og konkurrentane Geir Arild Djuve (f.v.), Gro Bakke og Gunnar Sending var misunnelege på gullet. Foto: Kristin Berge
81 kjempa om å bli stikkemeistar
Tre generasjonar møttes til kamp under årets Kaste på stikka-NM i Lårdal, men Bjørn Ragnar Bjerk stakk av med NM-tittelen.
SMÅ MARGINAR: Torgeir Lid Byggland (13) og Torjus Krog (12) frå Høydalsmo knivar mot Tone Kristine Auestad frå Skien.
VINNAREN: Bjørn Ragnar Bjerk blei årets norgesmeistar i Kaste på stikka.Foto: Karl Torstein Hetland
KONSENTRERT: Jan Erik Skottveit (10) prøvar å treffe toppen av pyramiden.
TOKKE Det noko uoffisielle meisterskapet blei søndag arrangert for andre gong av «Lårdal liv laga», og deltakarlista frå i fjor blei tangert med ein deltakar. I alt var det 81 store og små stikkekastarar som freista lukka.
Mest lukke i år hadde lårdølen Bjørn Ragnar Bjerk. Han har dermed eit napp i vandrepokalen, det har også Kjetil Kleve frå i fjor.
To har napp
- Det er tre napp som gjeld, seier arrangør Karl Torstein Hetland. Han reknar med at det blir nytt NM til neste år – og då håpar han på endå fleire deltakarar.
Kaste på stikka vekte tydeleg gode minne hjå mange, og særleg dei som har levd nokre tiår.
Gudmund Tveito var rå, og låg godt an etter dei to fyrste øvingane strek og stikke. Men sjølv med lomma full av gullmyntar før den siste øvinga pyramide, hadde han is i magen.
- Her kan mykje skje, konstaterte han og fekk rett. Han nådde alså ikkje heilt opp i finalen.
Håpa på opprykk
Dei fleste av deltakarane deltok for andre gong, og nokon hadde trena litt det siste året. Jan Erik Skottveit (10) fekk 16 poeng av 60 moglege i fyrste øving, og håpa på betre plassering enn i fjor. Då fekk han fjerde premie.
- Eg har trena litt, avslørte han. Noko topplassering blei det likevel ikkje på den unge lårdølen, men han har ny sjanse til neste år.
(Arkivartikkel fra 27.04.2009)

















