TOK COUNTRY-DAMENE MED STORM: Amerikanske Billy Ray Cyrus, kjend for monsterhiten frå 1992 «Achy breaky heart» fekk damene til å hyle, og publikum til å synge: «Don’t break my heart, my achy breaky heart...» i Seljord laurdag. ALLE FOTO: GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL (ALLE FOTO: GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL)

Då Billy Ray kom til Seljord

Det er hylande damer på første rekke. Den eine kastar ein teddybjørn på scena, den andre ropar «I love you, Billy!». Countrykjekkasen Billy Ray Cyrus er komen til Seljord.

Annonse

FOLKELEG: Varden fekk ein prat med Cyrus bak scena. – Noreg er eit vakkert land, med flotte og imøtekomande folk. Det er ei ære å vere her, sa han.

HYLANDE DAMER: Det var stor dåne-faktor blant det kvinnelege countrypublikummet då Cyrus gjekk på scena.

VANN SJØORMCOUNTRY: Espen Hansen & the Burly Bards frå Tromsø vann konkurransen Sjøormcountry og fekk varme opp for Sie Gubba og Billy Ray Cyrus. Her i duett med Miss Leslie.

LAGA LIV: Trønderbandet Sie Gubba spela country med trøkk i, og sang om det gode livet på bygda.

TØFFE DAMER PÅ COUNTRY: Systrene Borghild (t.h) og Britt jacobsen frå Ås kosa seg i Seljord.

HEILT INDIANAR PÅ COWBOYFESTIVAL: Øyvind Aksland.

DANSEN GJEKK: Desse damene tok fram linedanstrinn til musik frå Espen Hansen & the Burly Bards.

KYRKJA VAR PÅ PLASS: Prest Petter Jakobsen og diakon Svanhild Rui Gustavsen byr på kaffi og eit prat.

Billy Ray Cyrus

Annonse

– Noreg er eit vakkert land, med flotte og imøtekomande folk. Det er ei ære å vere her, sa countrystjerna Billy Ray Cyrus til Varden like før konserten på fjoset under Countryfestivalen laurdag.

Del på Facebook

Ville til Noreg

Seljord er det einaste stoppet i Europa på sommarturneen til amerikanaren, og det er fyrste gongen Cyrus er i Noreg.

– Eg har høyrd om festivalen, og hadde lyst til å vere ein del av den. Noreg er eit land eg lenge har hatt lyst til å besøke, fortel han. Bak scena på fjoset var det ingen divanykker å spore hos artisten, som er mest kjend for monsterhiten frå 90-talet «Achy breaky heart» og som far til tenåringsidolet Miley Cyrus.

Billy Ray tok seg tid til å prate med kjøkkenpersonalet, og fekk smake på litt lapskaus. Like før han gjekk på scena, inviterte han også gutane i bandet Espen Hansen & the Burly Bards til å vere med på scena under «Achy breaky heart». Gjengen med 16-17-åringar frå Tromsø vann konkurransen Sjøormcountry og fekk varme opp for Sie Gubba og Billy Ray. Dei synest det var stort å stå backstage saman med Cyrus, men måtte avslå tilbodet om allsang. Gutane var ikkje eingong fødd då Cyrus slo gjennom med låta i 1992, og kunne ikkje teksten.

Tok ikkje med Miley

Det var nok mange som hadde håpa på at Cyrus ville ta med seg dottera, som han også spelar far til i Disney Channel-serien «Hannah Montana». Men Miley var att heime i USA. Serien er over no, og Cyrus er igang med eit nytt TV-prosjekt, «Surprise homecoming».

Laurdag henta han fram songar frå det nyaste albumet sitt, «I’m American», som kom ut berre ein månad før spelejobben i Seljord. Heile kalaset starta med tittelmelodien «I’m American».

Det går slag i slag med ei blanding av Cyrus’ eigne låtar og ulike coverlåtar. Både «Brown eyed girl» og «These boots are made for walking2 får opp allsangfaktoren. Jentene på første rad hyler og kjempar om håndkledet han kastar ut. Billy Ray held koken, men nokon i publikum ropar etter «Achy breaky heart». Cyrus har spart det beste til slutt, og framfører hiten med god hjelp frå publikum.

–Noreg gjorde inntrykk

– Skål! Cyrus løftar ølglaset i veret.

– De har vore eit fantastisk festpublikum. «God bless Norway».
Bandet blir kalla inn til ekstranummer, og i dei seine nattetimar rungar «Honky tonk women» utover dyrskuplassen. Cyrus har fått fart på countryfesten, og publikum løftar cowboyhatten i veret.

– Eg ser fram til å kome tilbake til Noreg. Denne opplevinga har verkeleg gjort inntrykk på oss, og vil gjere det i lang tid framover, seier Cyrus til Varden.

 
comments powered by Disqus