RYKKJA-BOK: Bjørka til Dahl er Helge Rykkjas 10. diktsamling.
Dagar med røynsle og humor
KRAGERØ De to forrige diktsamlingane til Helge Rykkja het "Eit hus mellom andre" og "Slutningar til knes" og gjekk inn i det næraste miljøet vi alle lever i - bustadhus, kjærleik og natur. Som ein markering av at han no har vore poet i 40 år, slepp Helge Rykkja laus ein diktsamling rundt "bjørka til Dahl". Som vanleg skriv han på nynorsk, sjølv om han snakkar bokmål til dagleg. Det fagre bjørkeportrettet er ei pryd på framsida av den nye samlinga, som elles er ei vandring i inn- og utland, mellom musikarar og forfattarar - frå Ibsen og Wergeland til jazzmusikaren Thelonius Monk og den lokale skytebas-poeten Olaf Lundheim.
Som han seier i starten av diktet "ord om liv og død og visdom gjort": "Eg levde i ei tid der familiane blei spreidde for alle vindar. Poetane/ blei derfor familien min. Eg møtte dei ikkje, poetane, men eg/ forsto det gjennom år og dag tidsepokar og kjende slektskapen i/ ord om død og liv og visdom gjort. Eg hadde til og med kameratar/ i politikk. Den familien ville eg gjerne ha"
I samlinga er kvart einaste dikt spegla i ein parole: Når han har mint oss om at diktarane ikke er våre vener, men slekta vår, seier han "Gå til det røynde!". Helge Rykkja har røtene sine i 1960-åra og "Profil". At han då veks som ei bjørk ved ei å og ropar ut mange parolar, er berre naturleg. I det norske er naturen, venleiken, ettertanken og humoren faste følgjesveiner. Han har til og med åpna for eit nytt liv med Sputninks Johanne!
Ei bok å lese "omatt og omattatt" - respekten for Prøysen er også med.
Aslak Thorsen
(Arkivartikkel fra 02.10.2006)















