VardenKultur
LETT SAMARBEID: Bibliotekarane Tone Lundeberg, Sigrid Lid, Åsta Næsén, Britt Haugland, Anne Brit Borgen, Bodil Otterholt og Bjørn Rudborg er nøgde med boka.
UT TIL SKULANE: Bibliotekar Åsta Næssèn overrekker fyrste bokpakka til Rolf Henning Gløsmyr Espedalen og Anne Gro Solli frå Hjartdal ungdomsskule. FOTO: JOHN STRAUME
SELJORDBiblioteka er ikkje oversvømd med god, lettlesen litteratur på nynorsk. Nynorskungdom les dårlegare enn bokmålsungdom. Og gutane er dei som les minst og kanskje også dårlegast.
Bibliotekarane gjekk saman om eit prosjekt for å få opp leselyst og interesse for bøker. Resultatet blei boka "Triks". Nå er boka ferdig. Dei fyrste bokpakkene er på veg til skulebiblioteka. Ein del av opplaget på 2000 bøker er også til sals i bokhandel.
Bibliotek og forlag
Boka er eit samarbeid mellom sju bibliotek, Lettlest Forlag i Skien og ein av Norges fremste barne- og ungdomsbokforfattar, Bjørn Sortland. Sortland sitt forfattarskap har snart nådd 30 bøker. Forfattaren har vunne ei rekke prisar for bøkene til barn og ungdom.
Det er forlaget si fyrste bok på nynorsk. Også Rudborg er klar over at behovet for slike bøker er til stades. Nynorskmarknaden blir sagt å vera liten.
Handling og språk
Men med ei handling og ei språkføring som Sortland står for vil ein etter kort tid legge vekk motforestillingane om målet. Forlagseigar Bjørn Rudborg håpar at boka kjem inn under innkjøpsordninga til staten. Bokmålsbrukande ungdom i 15-16 årsalderen vil heilt sikkert kunne lesa boka som er halden i forteljande form. Guten saman med Ruth med traktor og kjeledress frå Felleskjøpet, og den smellvakre såpeopera look-a-like Janice frå Amerika. Omslaget er ungdommeleg tiltalande og lokalt produsert av kunstnaren Liv Andrea Mosdøl på Gvarv.
Mange triks
- Her er fjos, kjærleik, sjekketriks og handling, seier bibliotekarane og forleggaren om boka som er lettlesen, fortel bilbioteka Tone Reinholt, Bodil Otterholt, Sigrid Lid, Åsta Næssén, Britt Haugland og Anne Brit Borgen då boka blei presentert.
- At boka er lita og lettlesen, er ikkje det same som at det er mindreverdig litteratur, slår forlagssjefen fast.
Rolf Henning Gløsmyr Espedalen og Anne Gro Solli frå Hjartdal ungdomsskule fekk overlevert fyrste bokpakka på presentasjonsdagen. Anne Gro er altetande på litteratur, medan Rolf Henning har Agatha Cristie med sin Poirot som favorittbøker for tida. Men den nye ungdomsboka har dei tru på. Lett å lese. Det er ei god opningsbok for å få ungdom til å lesa meir, trur dei to elevane.
Publisert fredag 11. desember 2009 kl. 18:25.
Lysere dager
Al DeLoner er lysere og mer tilgjengelig på sitt nye album.
| Uke | Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 35 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 36 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 37 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 38 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 39 | 27 | 28 | 29 | 30 | |||
| 40 |
| 03.09 - 04.09 | Stålpressa Øl & Vinstue | |
| 03.09 - 03.09 | Thorvald Stoltenberg til Herøya | |
| 03.09 - 03.09 | Borgehaven | |
| Friday | 03.09 | Park, Porsgrunn |
| 03.09 - 03.09 | Vinje IL | |
| 3sat: | 13:15 | Zapp |
|---|---|---|
| DR2: | 15:30 | Bøger: Tror du på helvede |
| P2: | 16:03 | Kulturnytt |
| P2: | 17:03 | Verdt å lese: Gå (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2) |
| 3sat: | 17:15 | Kunst & Krempel |