annonse

Gjekk heilt til topps

TIL TOPPS
TIL TOPPS: The Scheen i det dei vann Emergenza-festivalen sundag. (Foto: THE SCHEEn/HANDOUT)

Telemarksmusikarane i The Scheen gjekk til topps i verdas største bandkonkurranse. – Det har ikkje gått heilt opp for oss, seier Atle Pettersen til Varden.

Halvor Ulvenes

Konkurransen fann stad på Emergenza-festivalen i Taubertal i Tyskland. Før dette slo telemarkingane ut 120 band i den norske tevlinga.

Totalt har 34.544 band frå 34 nasjonar delteke i den internasjonale konkurransen.

Facebook-knapp kommer her

By og bygd

Bandet består av Atle Pettersen på vokal, Robin Ognedal på gitar, Nickolas Main Henriksen på keyboard, Rein T. Blomquist på bass og Tobias Ørnes Andersen på trommer.

Dei tre fyrstnemnde er frå Skien. Blomquist er frå Bø og Ørnes Andersen frå Rjukan. Musikarane, no med base i Oslo, har spela saman i band i ni år - sidan dei var 16 år gamle.

Stort for Atle

Vokalist Atle Pettersen frå Skien uttaler til Varden at dette er stort for bandet, og at det ikkje har gått heilt opp for dei kva som har skjedd.

– Det er mykje større enn me kan fatte, seier Atle Pettersen. Han fortel vidare at det var heilt sinnssjukt bra å spele på hovudscena i Tyskland.

Bandet spela nemleg på den største scena på festivalen, der kjende band som Biffy Clyro hadde spela like før dei.

Tilbakemeldingane er utruleg gode. The Sceen får kjempekritikk på den amerikanske Emergenza-sida på nettet. Der er det mange godord for å skildre musikken, framføringa og utstrålinga til dei norske musikarane.

Ingen over

– Folk har nede har sagt at det aldri tidlegare har vore eit så bra rockeband i konkurransen. Me har blitt intervjua av både tysk og italiensk presse, seier Atle Pettersen til Varden.

Frå før kan han skilte med andreplass i X-factor på TV2 for fire år sidan. Året etter gjekk han til topps i «Skal vi danse» - også det på TV2.

Sundag kveld feira vokalisten og dei andre musikarane frå Telemark sigeren i Tyskland, før turen heim til Noreg etter planen skulle gå klokka 01.30 måndag.

Kan velje

– Bra premie?

– Me kan velje mellom turne eller tre veker i studio. Det er ein flott premie. Tre veker i studio kostar skjorta, ifølgje Pettersen.

annonse