annonse

Ingebjørg kopierte suksessen

TIL TOPPS
TIL TOPPS: Ingebjørg Lognvik Reinholdt fråp Seljord til topps i vokal klasse B. (Foto: )

Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord gjekk til topps på Landskappleiken framfor Inger Lien frå Møsttrond.

Halvor Ulvenes

Telemarkskvinnene kopierte såleis suksessen i vokal klasse B frå Landskappleiken på Geilo i fjor. Også da toppa dei to telemarkingane.

Suveren vinnar

Reinholdt var suveren med 122 poeng, åtte poeng før Lien.

Det var fleire gode prestasjonar av telemarkingane under Landskappleiken på Fagernes torsdag.

Sterk andreplass

I hardingfele klasse C oppnådde 15-åringen Audun Rørmark frå Bø ein flott andreplass  med 108 poeng - berre to poeng etter vinnaren Cecilie Skrindo frå Ål.

Tone Anne Tveiten frå Gransherad kom på 7. plass med 93 poeng i klassa der det var 23 deltakarar.

Spelemannslaget Bøheringen vart nummer 19 i lagspel senior medan Seljord folkemusikklag kom to plassar bak bøheringane.

annonse