KJØLIG: Kunstforeininga utnyttar det som var i den gamle Spar-butikken. Inne i dette kjølerommet skal det verte lysinstallasjonar. ALLE FOTO: BIRTE ULVESETH

Kunsthall i matbutikk

Rauland kunstforeining flyttar inn i den gamle Spar-butikken i Rauland. I dag opnar årets sommarutstilling her.

Annonse

ENGASJERT: Ingeborg Rygnestad er nyvald leiar i Rauland kunstforeining, og ønsker å skape liv og røre med kunsten. Her saman med eitt av verka frå årets sommarutstilling.

Annonse

RAULAND Nyvald leiar i Rauland kunstforeining, Ingeborg Rygnestad, har mange visjonar for huset. Her skal det bli både kaffebar, filmklubb og designbutikk. Men først og fremst kunsthall, der kunstforeiningen vil ha utstillingar året rundt.

Industrielt preg

Ein kan sjå tydeleg at kunsthallen ber preg av å ha vore ein matbutikk. Kunstforeiningen har vald å behalde inngangspartiet med svingdør inne i butikken og kjøleskapa til mjølk og rømme. Inne i kjølerommet vil det stå lyskunst til sommarutstillinga.
– Vi ønskjer også utnytte at det har vore ein matbutikk til å få eit industrielt preg over det heile, forklarar Rygnestad, som er svært fornøgd med dei nye lokala.
Sidan Kunstforeiningen tok over Spar-huset 11. mars har også medlemsmassa auka frå 30 til 90 medlemmer.
– Vi møter mykje velvilje, og det er hyggeleg, seier ei optimistisk Rygnestad.

Møtestad

Kunstforeininga har tidlegare hatt eit omflakkande liv, og ingen fast tilhaldsstad. Dei har for det meste hatt sommarutstillinga på skulen, men har no endeleg fått eit eige bygg.
– Vi ser på dette som ein møtestad, og er opptekne av at dette først og fremst skal vere bygdefolkets stad. Her vil det bli liv og røre, lovar Rygnestad.
Rygnestad ønskjer seg også kunstutstillingar med brodd, som skapar meiningar og liv, og får folk til å undre seg.

Humoristisk

På årets sommarutstilling kan ein sjå verk av kunstnarar som Markus Brendmo, Yngve Henriksen, Tom Erik Andersen, Gunn Mads og Arnt Darrud.
– Vi har ikkje noko spesielt tema, men har plukka ut det som er humoristisk, ler Rygnestad, som gler seg stort til opninga.


(Arkivartikkel fra 05.07.2008)
 



Jobb i Telemark (178)