FESTIVALOPNAR: Odd Nordstoga kjem «heim te Bø» torsdag 16. juli.
Nordstoga opnar Telemarkfestivalen
Han har vore artist på Telemarkfestivalen ein rekkje gongar.
No er det klart at Odd Nordstoga skal stå for den formelle opninga av den 20. Telemarkfestivalen i rekkja.
– Det er ingen som passar betre til å opne den 20. Telemarkfestivalen enn Odd Nordstoga – han har vore ein av dei mest sentrale artistane gjennom festivalen sine 20 år, og han er i dag den største norske artisten med bakgrunn i folkemusikkmiljøet. Odd Nordstoga er populær i alle generasjonar, og han er ei stor inspirasjonskjelde for unge menneske som ønskjer å drive med musikk, melder Telemarkfestivalen på nett.
På tidlegare utgåver av Telemarkfestivalen har publikum mellom anna fått oppleve Odd Nordstoga med Blåmann Blåmann, Blåstoga, Fake It Or Leave It, i bestillingsverka Nivelkinn og FolkJazzEnsemble, Odd Nordstoga & Allstars, Storegut og i festivalens tidlige år jamvel som dansar i Vinje dansarring.
Opninga finn stad i Gullbring kulturanlegg, torsdag 16. juli. Ingen annan enn Knut Buen skal leie den store jubileumskonserten. Billettar er lagt ut for sal i Gullbring og hos Billettservice.
(Arkivartikkel fra 04.06.2009)















