BAKGRUNN FRÅ VEST: Både Gary Payton og Kristin Berge har bakgrunn frå Varden og Vest-Telemark Blad. FOTO: PER-EIRIK HEKKELSTRAND
Ny giv i Telemark Tidend
Kristin Berge (39) er tilsett som ny redaktør av Telemark Tidendetter Halvor Ulvenes.
Berge er oppvaksen i Morgedal, og er nynorskbrukar på sin hals. Ho er for tida heime i barselpermisjon med vesle Sølve, men tek fatt i den nye rolla frå juni i år.
Kristin Berge bur i Skien og er utdanna innanfor historie, folkloristikk og kulturfag, men har vore mesteparten av karriera si i pressa. Fyrst i Vest Telemark Blad, sidan i TA, Sandefjords blad, Porsgrunnsposten og Varden. Ho har også fleire år bak seg som lærar i grunnskulen og vidaregåande skule, i Vinje og i Skien.
Nynorsk viktig
Ho vil ennå ikkje seie så mykje om profilen til Telemark Tidend, men ynskjer seg moderniserning.
- Eg kan love mykje godt kulturstoff av alle typer på nynorsk, sier ho og understreker at nynorsk er og blir en stor og viktig del av identiteten hennar.
Frå Arizona
Fram til juni er det ein vaskeekte norskamerikanar (om enn den bakvendte vegen) som skal styre butikken. Gary Payton (58) er frå Arizona, men har budd fleire stader i Norge sidan 1971.
- Eg dro på interrail hit i 1971, og blei verande, ler han.
I Norge har det blitt utdanning i landbruk på Foldsæ før han vart tilsett i Vest Telemark Blad og sidan Varden. Der har han tidlegare vore ansatt på lokalkontoret på Rjukan.
Blir enda betre
Redaktør Lars Kise meiner at det er viktig for Varden å halde på TT.
- Eg er glad for vi har funne ei løysing som både Mållaget Dag og Varden er nøgd med. Eg er heilt viss på at dei nye redaktørane vil lyfte Telemark Tidend til å bli et enda betre produkt. TT skal være ein viktig del av Varden sitt helgetilbod, seier Kise.
Telemark Tidend finn du tilbake frå juleferie frå neste helg.
















