MED TRØKK: Vokalist Paul Hansen, felespelar Øyvind Staveland og gitarist Torbjørn Økeland gav publikum låtar med trøkk innimellom dei rolige. (Tone Lundeberg Reinholt)

Nydeleg kveldsro frå Vamp

Mjuke tonar over Nisser. Kveldskonserten med Vamp var eit nydeleg pusterom mellom rockebanda på Treungenfestivalen.

Annonse

AVSLAPPA: Eit lykkeleg og avslappa publikum kosa seg på Vampkonserten. (Tone Lundeberg Reinholt)

MAGI: Møte med færøyske Eivór Pálsdóttir og Vamp frå Haugesund var magisk på Treungenfestivalen fredag kveld. (Tone Lundeberg Reinholt)

Annonse

“Så blåe, blåe himmel.
Då e vel knapt en bommullsau å se.
Men Den Gode Fe,
To niser og et neshorn, og eit skip.
Å På trappå står et norgesglass
Med meir enn tretten humler I.”

Det starta rolig med låta “13 humler”, så tok Øyvind Staveland fram fela og fekk opp tempo. Slik gjekk det. Rolig og fint. Raskt og svingande. Par stod og heldt rundt kvarandre, smådansande.

Kjende songar fekk allsong frå publikum og nye songar hausta applaus og blei stempla godt og vel godkjent frå fansen.

Magisk

Magisk blei det då Staveland introduserte færøyske Eivór Pálsdóttir.

-    Ho er ei salig blanding av engel og hulder, introduserte han, og det var ho. Ei herleg stemme som passa som hand i hanske til Vamp sin musikk.

Det var godt med publikum inne på festivalområdet, og i Treungen sentrum sat folk på benkane og høyrde tonane frå Haugesund-gruppa smyge seg utover innsjøen Nisser.