OM EG VAR RIK: - Om eg var rik, syng Anders Vangen.

Opera på Lanna

Ei feiande flott forestilling med super musikk og mange humoristiske innslag.

Annonse

PÅ JENTEJAKT: Arild Bakke.

KVARTETT: Trond Akerø-Kleven (f.v.), Jan Erik Fillan, Anders Vangen og Arild Bakke.Alle fOTO: HALVOR ULVENES

Annonse

ULEFOSS Klappsalvene sat laust hjå dei om lag 300 frammøtte under den klassiske konserten på Lanna i Ulefoss laurdagskvelden.

Artig scene

Scena var i hagen bak det gamle apoteket, og der briljerte operagutane frå Porsgrunn, Arild Bakke, Jan Erik Fillan og Anders Vangen, godt assistert av Trond Akerø-Kleven på piano. Ei fin ramme for ein konsert, så det er å håpe at det vert fleire arrangement der framover.

Operetter
Med innslag frå operetter som «Den glade enke» og «Grevinnen Maritza» fekk songarane eit feststemt publikum i perlehumør.
Klassikaren «Spellemann på taket» var med - og publikum fryda seg over Anders Vangen der han song «Om å vera rik».

Italienske

Fleire itaienske innslag gjorde at framsyninga vart svært variert.
- Kjempemoro å spele her, sa dei tre opera-karane i ein prat med Varden i pausa. Dei fryda seg openbart i nærkontakten med grashoppene...

Slag i slag

- Og så er det utruleg at det er så mykje folk, seier den blide Vangen, som kom rett frå ei suksessforestilling i Langesund tidlegare på kvelden. Snakk om å gå slag i slag.


(Arkivartikkel fra 18.08.2008)