BACKSTAGE: Torgeir Straand jammar med The Dubliners. John Sheahan har skaffa seg hardingfele. ALLE FOTO: MARGARETH VØLLESTAD
Spela saman med The Dubliners
- Moro å spele med ein av dei store legendene i verda, seier spelemann Torgeir Straand frå Bø. No vil The Dubliners ha han med på fleire konsertar.
SUKSESS I DUBLIN: Torgeir Straand frå Bø spela med The Dubliners. No vil dei ha han med på fleire konsertar.
TIL DUBLIN: Margareth Vøllestad (f.v.) frå Drangedal Folk Fest var med da Torgeir Straand spela med The Dubliners og vokalist Sean Cannon.
KONSERT: Torgeir Straand (t.h.) i samspel med The Dubliners.
KONSERT: Torgeir Straand spela med The Dubliners.
Førre veke tok Torgeir Straand med seg hardingfeleskrinet til Dublin for å delta på ein veldedigheitskonsert saman med folkemusikkbandet The Dubliners.
– Vi spelte både irsk og norsk musikk saman. Dei spela Bruremarsj frå Seljord med meg og eg blei med på irske reelar, fortel Straand.
Godt motteke
Dette var noko det irske publikumet visste å setje pris på.
– Konserten hadde vore utselt i ei veke, og publikum var jublande fornøgde, seier Straand.
– Dessutan opplevde eg at irane er veldig interesserte i denne rare hardingfela. John (Sheahan, felespelar i bandet. journ.anm.) har til og med skaffa seg si eiga hardingfele.
Levande legender
Straand var utsending frå folkemusikkfestivalen Drangedal Folk Fest, der Sean Cannon frå The Dubliners spela tidlegare i år.
– Eg blei kjend med han i sommar, men det var verkeleg tøft å spele saman med dei i Dublin. Dei er jo levande legender, seier Straand.
For The Dubliners har ikkje ligge på latsida. Dei har haldt på sidan 1962 og vore avgjerande for at den irske folkemusikken er blitt så populær.
– Folkemusikken i Irland er i større grad folkets musikk, dersom ein samanliknar med Noreg. The Dubliners har vore utruleg flinke til å gjere folkemusikken tilgjengeleg. Det er mykje meir populært med folkemusikk i Irland enn her, seier Straand.
Vidare samarbeid
The Dubliners er populære både i Europa og USA.
– Det er ikkje mange dei ikkje har spela for, for å seie det slik. Både amerikanske presidentar og andre, fortel Straand.
No er dei ute på turne i Europa, og vil gjerne ha med Straand på fleire konsertar.
– Eg skal til Dublin att i mai, så får vi sjå om det blir noko konsertspeling før det, smiler storspelemannen frå Bø.
(Arkivartikkel fra 04.08.2009)

















