Tora Berger strikkar for å få tida til å gå.
Strikkedilla – eit mysterium
Eg er ei av dei som har strikkedilla. Ganske tidleg lærte eg å strikke av mor mi. Mange av tantene mine, bestemødrene, venninnene og særleg kusinene mine har alltid vore ivrige med strikking.
Opp gjennom åra har det blitt mange timar med pinnar og garn klirrande i hendene. Sittande i sofa framom TV, i skuletimar (!), på møter, på venterom, på ferje, på buss, på tog, ja, til og med på fly før det vart forbode, har eg latt pinnane gå. Maske på maske.
Med tynne pinnar og tynt garn har eg produsert babytøy og barnetøy nok til ein heil barnehage. Med pinnar 1.5 cm i diameter og tre trådar tjukt ullgarn har eg strikka nissegenser og lue. Eg har trylla fram små og store plagg, nyttige og unyttige, fine og mindre vellukka. Av ull, bomull, alpakka, og mohair. Heile tida i alle tenkjelege fargar. Eg har valfarta til dei fleste garnfabrikkane i landet og hamstra garn i fargar som har gått ut. Eg har sukka over flotte utstillingsmodellar, og kjent at eg var i strikkehimmelrike.
Kvifor strikkar vi i dag? Ein kan kjøpe flotte plagg som er maskinstrikka, og det i alle slags kvalitetar og til alle slags prisar. Så kjekt, for då slepp ein alle timane med arbeid, dei arge opprekkingane og ikkje minst monteringa. Garn er ikkje billig, men det spelar inga rolla. Vi som har strikkedilla let oss ikkje stoppe. Vi må strikke. Vi må inn i garnbutikken (jamvel om vi har posar, oppbevaringsboksar, korger og heile loft fulle av garn) og stanse ein høgtidsstund framom hyllene med alle fargane. Sjå for seg dei svimlande moglegheitane garnet gjev.
Men kvifor gjer vi dette utruleg tungvinte arbeidet med å legge maske over maske i det uendeleg? Jau, for å kople av, for det er ei stor glede å skape noko, boltre seg med fargekombinasjonar, sjå tydelege resultat av det vi gjer, for å varme og pynte oss med noko vi har laga sjølve. I den kalde, snørike vinteren kan det ikkje vere tvil om at strikka produkt kjem godt med. Finst det noko betre enn å la tankane vandre mens ein strikkar? Det er verkeleg avstressande. Det er ikkje alltid lett, men det gjer som regel ei god kjensle av meistring. Vil du ha noko enkelt? Vel eit garn som skiftar farge av seg sjølv.
Strikking er også kunst, men handverket har hatt ein ufortent låg status. Eg påstår alså at strikking er kunst, kvardagskunst, husflid. Det er til husleg bruk, men det er gjort med stor flid.
Men kva er det med den maniske strikkedilla? Når ein fyrst er i gang, klarer ein ikkje å stoppe. Det er rart å tenke på at ein orkar og strikke til det blir ei stor herrekofte. Det er sjølvsagt ikkje fornuften ein koplar inn. Det er fantasien. Før i tida var det av fornuft ein strikka, folk trong varme ullplagg når dei arbeidde ute i all slags vêr. Strikking er noko kvinner har gjort mellom andre oppgåver i fleire hundre år.
Var det bare kvinner som strikka? Nei, men strikking har vore dominert av kvinner. I middelalderen organiserte ein seg i laug, desse lauga var bare for menn. Kvinnene måtte jobbe i skjul og ha det som ei løynd biinntekt.
Les gjerne meir om historia i bøkene til Annemor Sundbø. Eg har lese boka hennar «Usynlege trådar i strikkekunsten» og latt meg fascinere av symbolikken bak dei mønsterbordane eg har strikka så mange gonger. Strikking har blitt populært. Igjen.
Seinast etter 11.sep 2001 i USA har strikkinga fått mye merksemd. Det kom eit forbod mot strikkepinnar på fly. Det har ført til ein strikkeboom. Strikkekafear har blitt populære og inkluderande. Dei er for alle.
Sjølv har eg delteke på fleire strikkekaféar. Nye folk, kanskje få kjende, men det spelar inga rolle. Det er eit underleg fellesskap mellom dei som har oppdaga denne løyndomsfulle strikkeverda. Same kor gamal ein er, same kva interesser ein elles har, same kor i verda ein kjem frå – ein byrjar å snakke om strikking, og er straks på bølgjelengde.
Eg trur vi treng aktivitetar som strikking, vi treng noko som går langsamt. Vi treng å sette oss ned og la tankane vandre. Eg tenkjer sjeldan så godt som når eg sit med eit strikkeprosjekt. Trur eg.
Merete Bratsberg Aae
Skiensjente på Nordmøre, lærar og kulturkafedrivar













