Bør gaupebåsen avskaffast?
Gaupebås er godkjent som lovleg fangstinnretning i samband med kvotejakt på gaupe, etter nærare reglar for bruk, mellom anna når det gjeld konstruksjon og jamnleg ettersyn. (I tillegg kan båsen også brukast til fangst av mellom anna raudrev, og der jakttida er mykje lenger enn på gaupe. Dette kan fort føre til svært uheldige konsekvensar for den kvoteregulera beskatninga av gaupe).
Spørsmålet er om bruk av gaupebås er ein inhuman fangstmåte i forhold til dei krav ein i dag stiller til human jakt og fangst.
Mange erfarne og dyktige gaupejegerar og andre fagfolk meiner at gaupebåsen bør avskaffast som fangstmåte, fordi bruken i praksis ofte syner at dette lett fører med seg direkte dyrplageri, og er etisk forkasteleg sett i lys av korleis human jakt og fangst skal utøvast.
Sjølv om ettersynet blir utført i tråd med krava, dvs. to gonger i døgnet, vil eventuelle fanga gauper naturleg nok oftast bli desperate med ein gong, og i kampen for å kome fri slite ned dei livsviktige retraktile klørne og kanskje øydelegge tenner.
Det positive og faglege argumentet at fangstmetoden gjev moglegheit for selektiv beskatning, ved at dyr som ikkje skal fellast kan sleppast fri, fungerar ikkje i praksis, og ville i så fall dessutan som oftast vera etisk forkasteleg: - Å sjå forskjell på ho- og hanngauper er svært vanskeleg. Å sleppe gauper med øydelagte klør og tenner ut i naturen att er dessutan heilt uakseptabelt.
I tillegg viser all erfaring i praksis at mange gaupebåsar, serleg dei med låg fangstfrekvens, ikkje blir kontrollera i tråd med reglane, og at mange båsar blir ståande opne utanom jakttidene til dei dyreartar dei er lovlege å bruke, - i strid med krava.
Ein kan sjølvsagt argumentere for gaupebåsar ved å argumentere mot tradisjonell jakt på gaupe, ved å hevde at det også kan førekome skadeskyting. Dette er eit dårleg argument sett i lys av kva all erfaring viser, og fordi bruk av gaupebås appellerar til ei mindre aktiv og handlingsretta jaktutøving, der praksis viser at freistnaden til ikkje å oppfylle krava til ei kvar tid er for stor.
Konklusjon: Direktoratet for naturforvaltning (DN) bør vurdere å avskaffe bruk av gaupebås som fangstmetode, gjerne etter samråd med Fylkesmannen si miljøvernavdeling og dei regionale rovviltnemndene.
Jon Ingebretsen
Naturrettleiar
Medl. i kontaktutvalet for rovviltforvaltning i Telemark
(Arkivartikkel fra 16.02.2008)






















