Ein trygg kvardag
Ein av dei viktigaste kvalitetane ved eit godt samfunn er at folk kjenner seg trygge i kvardagen. Og det er det offentlege som har ansvar for å skape den tryggleiken.
Kriminalitet skapar utryggleik, og derfor er det viktig at me har eit synleg og operativt politi. Folk skal vere trygge på at dei kan få hjelp frå politiet, når dei treng det i ein akutt situasjon. Og politiet må ha nok ressursar til førebyggande arbeid i lokalmiljøet.
For å få mest muleg kraft ut av politiet sine ressursar meiner eg det er viktig at me har ein løypande diskusjon om korleis me har organisert politiet.
Eg trur det er mykje å hente på å organisere politiet på ein betre måte i framtida. Og me må sikre at me utdannar tilstrekkeleg med nye polititenestemenn/-kvinner på Politihøgskulen.
I Telemark slit politiet med at dei har mange ubesette (vakante ) stillingar. Og bakgrunnen for at me i dag har for få polititenestemenn i Telemark og andre delar av landet, er mellom anna at det er blitt utdanna for få polititenestemenn i Noreg.
Under den førre regjeringa var det lågaste nivået på opptak til Politihøgskulen 240 studentar, og det blei auka til 360 studentar. Hadde Bondevik-regjeringa utdanna like mange politifolk som me nå gjer, nemleg 648 politifolk ekstra, hadde mange av dei utfordringane me står overfor i Grenland og andre lokalsamfunn, sett annleis ut.
Derfor har opptaket til Politihøgskulen vore sentralt. I dag er opptaket til Politihøgskulen på over 550 studentar.
Ved sidan av dei som er politiutdanna, må ein også ha sivile stillingar. Regjeringa har nå tatt eit krafttak og har bruka om lag 250 millionar kroner denne våren for å tilsette i 460 stillingar. Ein skal vere rimeleg negativ dersom ein då framstiller det som manglande satsing.
Sjølv om det gjenstår mange utfordringar innan politiet, har i alle fall Regjeringa med justisminister Knut Storberget i spissen arbeidd systematisk og offensivt for at situasjonen skal bli betre. Og eg har registrert at det i den siste tida har blitt eit mykje betre klima for ein konstruktiv dialog mellom Justisdepartementet og Politiets Fellesforbund, slik at dei ulike brikkene kan falle på rett plass i nær framtid.
Til det beste for tryggleiken i folks kvardag.
Sigvald Oppebøen Hansen (Ap)
(Arkivartikkel fra 13.05.2009)

















