Gladmelding frå "ødemarken"
Eg registrerer at "fylkesavisene" ikkje hadde plass til gladmeldinga frå Lårdal
Onsdag 1.august var Liv Signe Navarsete på besøk i Telemark, ikkje berre for å sjå på dårlege vegar, men også for å dele ut 700.000 til eit prosjekt utarbeidd av Lårdal Vel.
Lårdal - Liv Laga er eit prosjekt som er ein del av småsamfunnssatsinga til KRD. Andre prosjekt som har fått støtte er Øyfjell City og IKT-senteret som fekk støtte i Kviteseid. Prosjektet i Lårdal har eit budsjett på 2,8 millionar der Tokke kommune går inn med 1. 075.000 fylkeskommunen med 425.000, Kommunal- og regionaldepartementet med 700.000 og innbyggarane i Lårdal skal bidra med 600.000 i form av dugnadsarbeid.
Noko av dugnadsarbeidet er alleire gjort til dømes er turvegen "Tøffare enn Besseggen" så godt som ferdig. Alle prosjektmidlane blir fordelt utover ein treårs-periode, og i prosjektplanen er går det fram kva pengane skal brukast til for å gjere bygda meir attraktiv for nye innbyggjarar og for turistar. Kommunen, fylkeskommunen og KRD med Åslaug Haga i spissen har altså med dette synt at dei har tru på Lårdal og det er viktig for optimismen i bygda. Vi har sett at det i løpet av dei siste åra har flutt fleire til bygda det gir oss håp om at det er liv laga her og vi vil gjerne vidareutvikle alt det positive i nærområdet vårt for å trekke fleire menneske hit. Nyleg hadde Tone Jorunn Tveito eit arrangement i bygda som lokka mellom 300 og 400 menneske hit. Det var knallmoro å sjå folkemengda som stod i busskø og som etter opplevingane langs Lårdalsåi var storfornøgde med det dei hadde sett og høyrd.
Lårdal, som mange andre småbygder, har opplevd nedgang i folketal, nedlagte verksemder, nedleggingstruga barnehage og bibliotekfilial, mindre elevtal i skulen, nedlagde gardsbruk, attgrodd landskap og mange tomme hus/feriehus. Men heldigvis er det ikkje håplaust vi som bur her har tru på at andre også kan få det fint her hos oss, og vi trur vi har noko å by på for dei som vil oppleve flott natur, godt klima, mangfaldig flora og eit varmt og hyggeleg lokalsamfunn. Med midlane til prosjektet Lårdal Liv Laga vil det vere mogleg å realisere planane for å gjere Lårdal til ei endå meir attraktiv bygd å bu i og å besøke. Eg gratulerer styret i Lårdal Vel og arbeidsgruppa i prosjektet og ynskjer lykke til med arbeidet!!!
Birgit Johanne K. Olsnes
Tokke Senterparti
(Arkivartikkel fra 07.08.2007)






















