Ja til rovdyr - og ja til husdyr
Rovviltnemnda for region 2 (Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold) hadde nyleg, i samråd med kontaktutvalet for rovvilt i Telemark og Fylkesmannen, eit ope kontaktmøte på Høgskolen i Bø, der temaet var rovviltforvaltning i Telemark. Agendaen for møtet var nyttig og grei. Men, nær sagt som vanleg, var rollefordelinga mellom dei ulike serinteressene som kom til med innleiingar ikkje så balansert som eit så samansett og vanskeleg tema fortener. Dvs. at dei som organisasjonsmessig representerar natur- og miljøsida i kontaktutvalet ikkje var rydda rom for i den programmessige lista over innleiarar, i motsetnad til forvaltnings- og næringsinteressene.
Kontaktutvalet er nemleg samansett slik: Telemark Sau- og Geitealslag, Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Telemark Bondelag, Naturvernforbundet i Telemark, Norges Jeger- og Fiskerforbund - Telemark og Telemark Turistforening. I tillegg var som forventa majoriteten av møtedeltakarar frå næringssida, litt frå kommunane, og i liten grad frå miljø- og friluftslivsida.
Den såkalla dialogen frå organisasjonane med innleiarane etterpå blei naturleg nok på grunn av dette noko einsidig. Da eg, som representant frå Telemark Turistforening (TT), ikkje hadde høve til å ta del i den siste møtebolken med innlegg og spørsmål, vil eg her kort gjera greie for TT sitt meir generelle syn på saka om store rovdyr i norsk natur og forvaltninga av desse. I Telemark begrensar dette seg i hovudsak til gaupe og kongeørn, og unntaksvis til handteringa av eventuelle streifdyr av bjørn, ulv og jerv.
TT er i fyrste rekkje eit talerøyr og eksponent for det enkle og miljøvenlege friluftslivet, der opplevingskvalitetar, folkehelse, naturforståing og det biologiske mangfaldet i urørt natur og kulturlandskap er grunnleggjande faktorar. Samtidig er organisasjonen oppteken av at ein kan halde opp levande bygder, der folk som bur der og mellom anna husdyr som beitar i innmark og utmark er eit vilkår for at bygdene skal leve vidare. Det betyr at TT har eit balansert syn når det gjeld å ta stilling til kor skjæringspunktet mellom kurva for kor mykje store rovdyr ein skal ha og den akseptable tålegrensa i høve til utmarksbeitande husdyr og annan naturbruk der rovviltet kan vera ei utfordring.
Konklusjon: TT meiner alle interesser må finne kvarandre i kompromissløysingar, der det framleis må vera rom for både rovdyr og beitande husdyr i norsk utmark.
Jon Ingebretsen,
Natur- og miljøvernleiar i Telemark Turistforening
(Arkivartikkel fra 01.02.2008)






















