FOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX

MÅ ha oversikt!

Annonse
Annonse

Telemark Turistforening (TT) er av same oppfatning som Norges Jeger- og Fiskerforbund i Telemark at ein må gjera alt ein kan for å framskaffe eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for rett fastsetjing av fellingskvota på gaupe, og at kvalitetskriteria til dokumentasjon av gaupeforekomstar og gaupeskader bør evaluerast med tanke på forbetring.
Dette grunnlaget kan aldri bli så godt som ein kunne ønskje, men har likevel eit forbetringspotensiale.
Men dette potensiale er imedan i stor grad prisgjeve naturlege og tekniske faktorar som påverkar dei ulike registreringsfaktorane.
Parametra for kvotefastsetjing gjennom sporteljing, annan registrering, erfaring, sauetap m.v. må harmoniserast og vektleggjast jamnbyrding, - fri for synsing og sterke politiske føringar utover rovviltmeldinga sine mål.
Høge lokale tal på skademeldingar og meir og mindre dokumenterte skader og drap på sau forårsaka av gaupe tilseier truleg store lokale variasjonar på gaupebestanden, og moglegvis også at det er meir gaupe enn tidlegare.
TT synest den regionale rovviltnemdas framlegg om geografisk retta kvoteuttak i område som indikerar meir gaupe enn andre er eit opplegg som er interessant og med det verdt å prøve under årets kvotetildeling og gaupejakt.
Det er nyttig og positivt at rovviltnemnda i samarbeid med Fylkesmannen arrangerar eit ope møte i kontaktutvalet for rovvilt på Høgskulen i Bø den 22. januar, der temaet er rovviltforvaltning i Telemark. Nemnda bør da bruke synspunkta frå dette møtet som eit viktig grunnlag for fastsetjing av fellingskvota.
Kontaktutvalet er representativt samansett av interesseorganisasjonar både frå næringssida og natur-, miljø- og friluftslivsida.
I motsetning til representantar for mange andre serinteresser, vil ikkje TT meine noko bestemt om kvotestorleiken ved årets gaupejakt før vi har fått alle opplysningar om resultatet av registreringar m.v.på bordet under rovviltmøtet i Bø.
TT krev med andre ord eit best mogleg avgjerdsgrunnlag, og vil lytte til alle synspunkt som kjem fram på møtet. Mykje tyder likevel på at det vil vera rett å auke fellingskvota litt samanlikna med dei siste åra, og i tillegg styre beskatninga mot område med den største registrerte gaupetettleiken.
Telemark Turistforening,
Jon Ingebretsen,
natur- og miljøvernleiar


(Arkivartikkel fra 18.01.2008)
 



Jobb i Telemark (191)