Vi treng praktikarane i dette landet
«Stadig fleire fell ut av vidaregåande opplæring, stadig fleire unge flest menn dukkar opp i Nav-systemet, det er dårlege resultat i skulen trass i at det blir brukt mykje ressursar i kommunen.»
I Senterpartiet har vi sett denne trenden og vi har tenkt på kva som skal til for å snu dette. I valkampen hadde vi «større grad av praktiske fag inn i ungdomsskulen» som ei av våre saker og nå etter valet jobbar vi for å få dette på plass. I utdanningskomitèen sit Anne Tingelstad Wøien for Sp og jobbar for at elevar som er praktisk flinke i større grad må få høve til å dyrke evnene sine. Dette gjer ho fordi vi ser at det i størst grad er elevar på yrkesfaglege retningar som fell ut av skulen. Det er ikkje fordi dei er mindre flinke enn teoretikarane det er fordi dei har interessene og evnene på heilt andre område enn teoretikarane, og fordi systemet legg opp til at dei teoretiske krava ikkje harmonerer med kva som er relevant i yrkessamanheng.
På ungdomsskulen kan ein i dag velje fordjuping i språkfag. For dei som er flinke i praktiske fag finnast det ikkje eit tilbod som imøtekjem deira interesser. Vi i Senterpartiet vil at det skal vere mogleg å prøve ut om ein likar å mekke på bilar, å pleie eldre eller å svinge hamaren høgt. Vi vil det skal vere mogleg å prøve ut dei praktiske sidene av seg sjølv også på ungdomsskulen for å kunne gjere rett val på vidaregåande skule og for å tidlegare kunne førebu ungdommane på yrkeslivet. Det må bli ei endring av systemet slik at dei praktiske evnene blir meir verdsett og slik at praktikarane då får høve til å utvikle sine styrkjer i staden for å stadig kome til kort. Kva gjer det med sjølvkjensla om ein alltid blir minna på at ein ikkje strekk til og aldri får vist kva ein er god på? Ein møter veggen gir opp og melder seg ut.
Vi har bruk for dei som er gode på å vise omsorg og som vil ta seg av pleietrengande. Vi har bruk for bilmekanikaren som kan rette ut skaden på bilen når vi har vore ute på glatta. Vi har bruk for snikkaren som kan kome og setje opp hus og garasje for oss. Vi har bruk for rørleggaren som kan montere toalettet på det nye badet og elektrikaren som kan kople til straumen før vi flyt inn. Vi må legge til rette for at alle desse får nytta og utvikla evnene sine slik at vi får eit samfunn som har plass både til teoretikaren og til praktikaren. Difor jobbar vi i Senterpartiet med å finne nye og betre løysingar i utdanningssystemet.
Det er nå lagt opp til å køyre eit prosjekt med å få inn praktiske fag i ungdomsskulane, og i desse dagar går fristen ut for å søkje om å vere med. Vi håpar dette prosjektet vil vise at det løner seg å satse meir på praktiske fag i tillegg til dei teoretiske faga vi har i dag, og at det dermed vil bli innført meir praktisk retta undervisning i alle ungdomsskular etterkvart. Tala som viser at elevane droppar ut og at stadig fleire unge kjem inn i Nav-systemet fortel oss at noko treng å skje raskt!
Birgit Johanne K. Olsnes,
Tokke Sp
(Arkivartikkel fra 07.12.2009)

















