annonse

Revisjon av forvaltnings-plan

Revisjon av forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark - innspel.
Vi syner til brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 15.01.07, gjeldande invitasjon til innspel i samband med revisjon av forvaltningsplanen for Hardangervidda Nasjonalpark.
Telemark Turistforening (TT) kjem i denne omgang med foreløpige innspel til det utkastet som arbeidsgruppa skal lage, og vil truleg også nytte retten til å gje høyringssvar seinare til det endelege framlegget frå gruppa, som Direktoratet for naturforvaltning (DN) skal godkjenne.
Innleiingsvis vil TT påpeike tre forhold: 1)Vi vil på det sterkaste tilrå at også Den Norske Turistforening får sin naturlege plass i arbeidsgruppa.
2)Målet om at framlegget til revidert forvaltningsplan kan bli sendt til DN før haustens kommuneval er viktig å nå.
3)Forvaltningsplanen må avspegle eit balansert og harmonisk forhold mellom bruk og vern. Der avvegningane er vanskelege, må tvilstilfella kome verneføremålet til gode.
I tillegg kjem TT med desse kommentarane, og der vi viser til nokre av strekpunkta over tema som peikar seg spesielt ut i samsvar med nemde utsendte invitasjonsbrev.
-Landbruk i høve til tilleggsnæringar, rein turistnæring, reiseliv og uheldige former for friluftsliv bør ha eit omfang og ein profil som i sterk grad tar omsyn til og er underordna verneføremålet.
-Nasjonalparksenteret i Øvre Eidfjord og det nye villreinsenteret på Skinnarbu må samarbeide tett og utfylle kvarandre når det gjeld ein heilskapeleg informasjonsstrategi for verneområda på Vidda, og der villreinsenteret i serleg grad set fokus på villreinens ve og vel i høve til reelle og potensielle trugsmål. Premissleveranse til forvaltninga og kunnskaps- og verdiformidling til ålmenta er viktige oppgåver for båe institusjonane.
-Alle former for motorferdsel, både ulike grader av nyttetransport og såkalla motorisert friluftsliv, og serleg tendensane til uheldig misbruk av gråsoneproblematikken, kombinasjonen og samanblandinga av desse føremåla, bør få enda klarare retningsliner, innskjerpa kontroll og bli redusert på nokre område.
-Nye, utradisjonelle og trendsetjande former for ferdsel og friluftsliv, der mange kan ha stor geografisk aksjonsradius i høve til tidsaspektet, må avgrensast til bestemte område og fortrinnsvis gå føre seg i organiserte former. Områdekartlegging for slike aktivitetar må i serleg grad utførast på grunnlag av kunnskap og erfaring spesielt med villreinens leveområde, og der desse områda blir haldne utanfor.
-Organisert og ikkje kommersiell verksemd i begrensa omfang, t.d. i form av fellesturar på ski og til fots og annan tradisjonell og miljøvenleg ferdsel, under leiing av og med naturfagleg kunnskapsformidling frå kvalifisert turleiar, er ofte mindre miljømessig konfliktfylt enn mykje av den andre bruken av Vidda, slik som tradisjonelt eller nye former for uorganisert friluftsliv og rekreasjon i stort omfang, visse uklare ferdselsføremål, ulike forskningsoppdrag, urapportert oppsyn og kontroll m.v., der dette i stor grad er relatert til motorisert aktivitet.
Med helsing Telemark Turistforening Jon Ingebretsen, Natur- og miljøvernleiar, Sakshandsamar; Nils-Magne Søli, Styreleiar


(Arkivartikkel fra 11.04.2007)