IBSEN-TUR: Eit sagn om Seljord kyrkje skal ha gjeve Henrik Ibsen inspirasjon til «Bygmester Solness». Forfattaren av kronikken meiner kyrkja bør ha si plass i turistferder med Henrik Ibsen som tema. FOTO: PER-EIRIK HEKKELSTRAND

Ibsen til gjenfortrylling og reisemål

Annonse

Annonse

Ordskiftet i Varden om kva ein skal gjera ut av Ibsen og Skien har til no mangla eit vesentleg aspekt: Å bruke Ibsen til å generere arbeidsplassar og innkomer. Det er vel og bra å diskutere kva ein får att for midlane som Skien kommune satsar, men så lenge det ligg gode økonomiske mulegheiter i ei stor Ibsen-satsing, bør likevel Ibsen som reisemål prioriterast.
Den danske framtidsforskaren Rolf Jensen har i boka The Dream Society ramsa opp alle samfunn som etter kvart er blitt mindre viktige. Det er: 1) Jeger- og samlarsamfunnet. 2) Agrarsamfunnet. 3) Industrisamfunnet. 4) Informasjonssamfunnet. Han nemner at det samfunnet som no har suksess er drøymesamfunnet – der den gode forteljinga er viktig. Den som kan formidle den gode forteljinga vil bli vinnaren i framtida – også økonomisk. Og Henrik Ibsen er nettopp ei slik forteljing.

Den tyske sosiologen Max Weber kunne alt i mellomkrigstida slå fast at vi lever i eit avfortrylla samfunn. Det starta i opplysningstida med utrydding av overtrua, men har også halde fram i vestens rasjonelle og materialistiske prioritering. Likevel ønskjer folk noko fortrylling i kvardagen, det ser vi særleg i vår tid med mange slag religiøse svermeri og alternative metodar. Og ikkje minst vil mange ha ei forteljing som har snev av fortrylling. Slik sett går Weber inn for ei gjenfortrylling av samfunnet, noko han meiner kan gjerast på tre måtar: 1) Re-estetisering. 2) Heritifisering. 3) Disneyfisering.
Med re-estetisering meiner han at fiksjonen igjen må få høgare status, noko som helst skjer gjennom kunstnarlege uttrykk. Heritifisering blir å presentere fiksjonen i kulturarven på ein ny måte, slik at han når fram til fleire. Det kan m.a. gjerast i reiselivssamanheng, og då kan fortryllinga generere gode innkomer. Disneyfisering er ei popularisering som kan føre mange inn i forteljinga, men som og kan medføre øydeleggjande forflating.

I ei Ibsen-satsing er det rom for både re-estetisering og heritifisering. Å oppleva Ibsens skodespel er ei fortrylling som kan føre til re-estetisering. Og alt Skien og Telemark har av Ibsen-minne er fortryllande heritifisering.
Stratford-upon-Avon i England har gjort noko liknande i praksis – og lykkast. Byen er liten og ligg om lag like langt frå London som Skien gjer frå Oslo. Likevel har dei lykkast med ei reiselivssatsing basert på Shakespeare, og det med enorme dimensjonar. Dei byggjer no to nye teater som mest kvar dag skal syna to parallelle Shakespeare-stykke. Dei har fått til ei reiselivssatsing som heilårleg samlar turistar frå heile verda. Og om ikkje det er nok: Det viktigaste vitskaplege Shakespearesenteret ligg i Stratford!
I Stratford får ein kjøpt ei Shakespeare-pakke der du blir transportert rundt i byen og omegnen. Ikkje berre til der han var fødd og døydde, men og til fødestaden til mora, systera og kona langt utanfor byen, og huset til dottera.
I verdslitteraturen er Ibsen i klasse med Shakespeare, og då burde Telemark få til noko liknande. Det fekk vi prov for sist september då det var vitjing her frå Telemarks kinesiske venskapsprovins – Hubei. Reiselivsprofessor Jianping Xiong kjende godt til Ibsen og meinte det er ein stor marknad for kinesisk Ibsen-turisme i Noreg. Vidare er det grunn til å ta alvorleg at professor Jon Nygaard ved Ibsen-senteret i Oslo godt kan tenkje seg å flytje senteret til Skien.
Jon Nygaard er også oppteken av at fleire delar av Telemark er Ibsenrelaterte. Det Skien-samfunnet Ibsen voks opp i, var tufta på verdiar frå øvre Telemark. Skogplassen Høydalsverket i «Vildanden» er sannsynlegvis Høydalsmo. Ibsen hadde sjølv Mikkel Mandt frå Eidsborg som lærar i måling, og ein sommar var han med Mandt på målarferd oppover Telemarksvassdraget heilt til Dalen. Vidare fekk Ibsen det folkloristiske grunnlaget til «Bygmester Solness» frå segna om trollet Skåne Bringsås som bygde Seljordskyrkja for St. Olav. Det siste er på grunnlag av ny forsking og blir omtalt i det nye vitskaplege kommentarverket til Ibsens skrifter, redigert av nyleg avlidne professor Asbjørn Aarseth ved universitetet i Bergen.

For å gjera Ibsens Telemark til eit nære på like innbringande reisemål som Stratford, må det lagast pakkereiser som er lette å selje, utanlands og innanlands. Grunnlaget må vera heritifisering i form av godt utbygde Ibsen-reisemål og gode guidar, gjerne Ibsenforskarar på nokre av turane. Og den like viktige re-estetiseringa må vera at det kvar dag heile sommaren må vera ei Ibsenframsyning, anten det no er ved Gålå-vatnet i Gudbrandsdal, Nationaltheatret i Oslo, Teater Ibsen i Skien, steinbrotet i Fjæreheia ved Grimstad eller Seljordspelet ved Seljord kyrkje. At dei er på norsk, skulle ikkje vera noko problem. Operaen i Sydney har løyst det ved at det er engelsk rulletekst over scenen.
Pakke A må lagast med tanke på den utanlandske marknaden. På visse datoar blir det sett opp buss og reservert hotell på ruta Oslo – Skien – Grimstad – Seljord – Oslo. Det blir ein guida tur med ei teaterframsyning, men elles innom Ibsens husvære i Arbins gate, Skien og Venstøp, Ibsenapoteket i Grimstad og Seljords kyrkje. Ei slik pakke kan bli utvikla og administrert i Telemark og marknadsført av Innovasjon Norge. Pakka bør også seljast på eigne datoar for større grupper.
Pakke B er med tanke på den innanlandske marknaden der mindre grupper køyrer eigen bil eller buss, altså ikkje datofest. Det blir ei pakke i form av reisepass etter same reiseruta som i Pakke A, men utan medfølgjande guide, altså berre lokal guiding, og med rabattert innlosjering på hotell som det er gjort avtale med. Likevel må det bli høve til å kjøpe seg eigen guide som følgjer med på heile turen. Denne pakka bør marknadsførast av Telemarkreiser.
Gjennom ei slik reiselivssatsing har Telemark høve til å markere seg som eit sterkt kulturfylke, og det kan gje verdfull praksis til studentar ved Høgskolen i Telemark som då kan få eit studium i kultur og reiseliv.
Dag Aanderaa
Amanuensis og timelærar ved reiselivsstudiet, Høgskolen i Telemark, Bø


 

Siste nytt