GULL OG KVELDSMAT... Då Knut «Kuppern» Johannessen vant 10.000 meter på skøyter under OL i Squaw Valley i 1960, måtte den unge Åsulv Edland skuffa ete sin kveldsmat. FOTO: SCANPIX

Da eg venta på Kuppern

Annonse
Annonse

Ja, det gjekk vel bra denne gongen og. Det var godt for den norske folkehelsa. Vi føler at vi eig nokre gram av medaljene som heng rundt halsen på Bjørndalen og Marit Bjørgen. Verre er det for Russland der dei til vanleg tek eit billass med medaljer. I år har dei blitt hugsture etter det dårlegaste OL dei har hatt. Putin vil ha utskifting av idrottstoppande.

Det blir alltid mykje støy rundt OL, slik også i år. Anten blir det sendt for mykje eller så blir det sendt for lite. NRK sende massevis av sport i tre kanalar og avisene skreiv side etter side. Kan det vera nødvendig blei det spurt. Det var rekordstore publikumstal på desse sendingane – så då var det vel nødvendig. Hadde ikke all denne sporten blitt sendt så hadde nok kritikken blitt verre. Sportsidiotane er som kjent dei største idiotane – i den forstand at dei er i fleirtal og svært høgrøysta. Dette kenner alle redaksjonar i aviser, radio og fjernsyn godt til.

For mange var det kanskje litt overraskande at vertslandet Canada skulle ta så mange medlajer i VinterOL, dei har ikkje ein gong fått norsk drahjelp av Sondre Nordheim og seinare Stein Eriksen, slik amerikanarane har fått. Dei fekk ikkje ein gong fakkelen frå Morgedal slik mange andre har fått. Det er rart med OL , og sport i det heile, nokon kan ikkje få nok og andre har fått nok før det har byrja. Og ein del av oss ligg midt i mellom.

Olympiadane blir historie og det er svært populært tema i Kvitt eller dobbelt. I 1952 då det var OL i Oslo var det dårleg med fjernsynsdekning, men det radio og aviser var der. Mange hadde utklyppsbøker med artiklar frå Vardens sportssider.
Eg har eitt litt spesielt minne frå OL åtte år seinare i Squaw Valley. Vi venta alle på at Knut Johannessen skulle ta gull på 10.000-meteren. Så sat vi der då undomsskule elevane på internatet Brokelfjell i Kviteseid og høyrde på radioen, men så dukka ein streng husfar opp (han var til og med frå Notodden) og slår av radioen midt i løpet. Det er kveldsmat, og den kan ikkje vente i fem minuttar, sa husfar. Gråt og sinne. Vi som ikkje fekk med oss avslutninga på 10.000-meteren, får trøyste oss med Olav H. Hauge sitt dikt.
Kuppern skrid i Squaw Valley

Eg har og teke premie på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.