annonse

LES BREVET: Vil ikke diskutere mer jerv på vidda

Jerv Lykke
Jerv Lykke:

Bøndene raser mot at Hardangerviddsenteret i det hele tatt tar opp til diskusjon om det skal gjeninnføres jerv på Hardangervidda. Dette brevet har de skrevet til ordføreren i Tinn, Bjørn Sverre Sæberg Birkeland.

 Skal Hardangerviddasenteret drive rovdyraktivisme?   

I eit oppslag på heimesida si, dagsett 24. mars, inviterer Hardangervidda Nasjonalparksenter til seminar den 23. mai. Ein spør «Skal vi få jerven tilbake på Hardangervidda?» Rett nok brukar ein spørjeteikn, men av teksta elles gjeng det klårt fram at ein så ynskjer. 
Det blir nemnt at ein vil involvere Villreinutvalet. Då undrar det mykje at korkje leiar eller sekretær har høyrt noko om saka beinveges frå Senteret.

Reinen lever godt med litt jerv på Hardangervidda (han er her alt, lat det vera nemnt). Berre ved svært spesielle snjotilhøve vil ein jerv kunna springe ned eit friskt, vakse reinsdyr. Men, med mykje jerv vil det bli eit visst kalvetap. Det har ein røynsle for på Dovre og i Rondane, utan at det så langt har gjeve seg utslag i ekstremt låge tal for kalveproduksjon. Lokalt i Nordland (Balvatn reinbeitedistrikt), derimot, opplever tamreinnæringa dramatiske tap. 65% av kalveproduksjonen har ein der opplevd blir teken av rovdyr. Jerven må nok dele æra med andre, men det er knapt tilfeldig at desse tapa kjem der det er mest jerv i heile Skandinavia. Så stort kalvetap inneber at ein må kaupe inn simlekalvar for påsett.
Lat òg vera nemnt at i tamreinnæringa opplever ein tap av vaksne dyr heile vinteren pga. jerv.  Han fylgjer flokkane, og lurar seg innpå i ly av snjoføyke når reinen kviler.

Andre døme på kva konsekvensane av eit auka rovdyrtal kan bli, i dette tilfellet i hovudsak ulv: I eit elgvald i Åmot kommune i Hedmark gjekk talet på felde dyr ned frå 52 i 2011 til 4 i 2017. I Hedmark fylke er talet på sauebruk så godt som halvert sidan 1995. I Engerdal er det endå verre, talet har gjenge frå 41 til 8.
På Hardangervidda blir det i dag sleppt vel 37 000 sau og lam. Eit auka jervetal vil medføre auka tap av sau på beite, kan hende øydeleggje Vidda som eit «trygt» beiteområde for sau. Fast bestand av ynglande jerv på Hardangervidda vil fullvisst gje streifdyr ned i Setesdals- og Ryfylkeheiane. Der blir sleppt i storleiksorden 300 000 sau. Eventuelle konsekvensar kan ein tenkje seg.

Underskrivne organisasjonar er sterkt kritiske til ei slik utvikling.
I kor stor mon ein skal hava store rovdyr er eit heitt politisk tema. Det finst nok av friviljuge organisasjonar og politiske parti som engasjerer seg på båe sider i ordskiftet. Er det naturleg at Hardangerviddasenteret òg gjer det? 
I vedtektene frå 2008 heiter det m.a.:

Hovedoppgaven skal være å formidle kunnskap, opplevelser og holdninger til høyfjellsnatur og kulturminner tilknyttet Hardangervidda og nærliggende fjellområder, i tråd med gjeldende forvaltingsplaner (vår utheving).
Når det gjeld forvalting av jerv, har Stortinget sagt at det ikkje skal vera ynglande jerv på Hardangervidda. Å arbeide mot eit stortingsvedtak kan knapt seiast å vera «i tråd med gjeldende forvaltingsplaner».

Senteret er ått av Tinn kommune, tidlegare hadde òg Vinje ein aksjepost. I 2016 kom 62 % av inntektene frå Staten. Med ein ny stillingsheimel, som tidlegare låg hjå SNO, vil den prosenten rimeleg visst vera høgare i 2018. Å skipe til dette seminaret kan ein såleis, noko spissformulert, karakterisere slik:
Dei politiske kjepphestane til dagleg leiar og styreleiar Per Lykke, er sleppte frie i fullt tråv, på ein bane bygd av stat og kommune.
Det undrar mykje at Styret elles aksepterer det.
Me bed eigaren – Tinn kommune - klargjera for dagleg leiar og Styret kva som er, og ikkje er, naturlege gjeremål for Hardangervidda Senteret a/s.

 23. mai 2018
Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, Per Helge Sekse
Fjellstyra på Hardangervidda, Vebjørn Håvardsrud
Telemark Bondelag, Aslak Snarteland
Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl
Buskerud Bondelag, Egil Kristoffer Hoen
Telemark Bonde- og småbrukarlag, Kari Tellefsen
Buskerud Bonde- og småbrukarlag, Kjell Borge
Hordaland Bonde- og småbrukarlag, Jarle Helland
Norsk Sau og Geit, Stein Erik Berntsen 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse

annonse
annonse
annonse