VardenOrdet fritt
I Vest-Telemark Blad for 24.10.blir arbeidet med den omfattande regionplanen for store fjell- og heiområde i fylka Rogaland, Hordaland, Agderfylka og Telemark omtala. Planen, som involverar i alt 18 kommunar i desse fylka, har kjerneområda sine i dei viktige villreintraktene Setesdal Aust- og Vesthei og Ryfylkeheiane. Det er da også villreinens levekår nå og i framtida som skal legge dei viktigaste føringane for arealbruken i områda, og som er hovudårsaka til at Miljøverndepartementet for omlag 2 år sidan ba fylkeskommunane om å utarbeide denne planen.
Tilsvarande forhold er også bakgrunnen for at ein liknande planprosess er i gang i områda lengre nord, og som har namnet Fylkesdelplan for Hardangervidda. Dette arbeidet har kome reginoko lengre, i det dei t re fylka, Buskerud, Hordaland og Telemark, som denne planen geografisk omfattar, har gjennom konsensusvedtak banka planprogrammet, slik at prosessen med sjølve planutforminga nå er i gang her. Føremåla med dei to planane er altså like. I tillegg til hovudføremålet som er å sikre villreinen dei nødvendige leveområda, skal planane legge til rette for lokal verdiskaping gjennom busetnad, næringsutvikling og landbruk, og ikkje minst sikre område for friluftsliv og annan tradisjonell naturbruk. Båe planane er heimla i den nye Plan- og bygningslova, og er politisk styrde ved at fylkeskommunane er formelt ansvarlege for planane, etter viktige innspel frå aktuelle fagmiljø og interessegrupper, og frå samtlege kommunar som er omfatta av planområda.
Uavhengig av desse planane, formelt sett, er Forvaltningsplanen for Hardangervidda Nasjonalpark med tilhøyrande landskapsvernområde ute på høyring. Dette er ein plan for verna område etter den tidlegare naturvernlova, noko som gjer at denne prosessen nå fell inn under den nye naturmangfaldslova sitt virkeområde.
Alt dette tyder at det nå er mange planprosessar i gang i store og viktige, men diverre sterkt fragmenterte villreinområde, som alle sorterar under Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu sine arbeidsfelt. I den fyrstnemde regionplanen er kommunane Fyresdal,
Tokke og Vinje involverte, medan Tinn og Vinje ligg innanfor områda både til Fylkesdelplanen for Hardangervidda og Forvaltningsplanen for Hardangervidda Nasjonalpark.
Dette betyr at det vil vera ei svært viktig og utfordrande oppgåve å samordne desse planane, spesielt fylkesdelplanen og regionplanen, i den forstand at premissa som ligg til grunn for prioriteringar av arealbruk og satsingsområde må vera mest mogleg samanfallande. Dette serleg fordi føremåla med dei to planane er dei same, medan forvaltningsplanen for nasjonalparken sjølvsagt må tilpassast dei gjeldande verneføresegnene. Det vil seie at dei ulike forvaltningsregime i og utanfor nasjonalparken som eventuelt fylkesdelplanen legg opp til vil kunne bli ei utfordring å handtere i praksis.
Tilslutt eit skremande døme på dårleg harmonisering mellom to planar som grensar mot kvarandre, nemleg den førebels gjeldande fylkesdelplanen for Hardangervidda Aust og fylkesdelplanen for Blefjell. I den fyrstnemde planen er det lagt inn areal for trekkorridor for villreinen mellom Hardangervidda og Blefjell, medan Blefjellplanen ikkje har lagt inn ein slik arealbruk, men tvert i mot for turistutbygging i dette området.
Dette er nyttig lærdom å ta med seg i dei vidare planprosessane, som døme på korleis mangel på samordning kan slå ut i meiningslause arealbrukskonflikter!
Jon Ingebretsen natur- og miljøvernleiar Telemark Turistforening
(Arkivartikkel fra 30.12.2009)
Publisert mandag 04. januar 2010 kl. 19:05.
Sist oppdatert tirsdag 05. januar 2010 kl. 22:05.
Varden-TV
Klikk deg inn på Varden-TV.
Nyfødte & Nygifte
Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.
Hva skjer
Se hva som skjer i Telemark.
Opptatt av bil?
Sjekk våre sider om bil og motor.
| P3: | 05:00 | Dagsnytt |
|---|---|---|
| P1: | 05:00 | Dagsnytt |
| Al Jazeera Int.: | 05:00 | News |
| CNN: | 05:00 | World Report |
| BBC World: | 05:00 | BBC World News |
Få tilsendt linken i en tekstmelding på mobilen din
Ditt mobilnummer:
