Eit daglegdags tema: Mange spør seg kva vi skulle rø om her i landet, og det ikkje var veret. ILLUSTRASJONSFOTO: SCANPIX

...gjev eg var i eit varm are land

Annonse
Annonse

Ja, han sa så, Ivar Aasen då han skreiv om Nordmannen mellom bakkar og berg. Det er nok mange som er einige med han i desse dagar når gradestokken ligg langt under null. Det er ei fatig trøyst at sola har kome tilbake frå vinterferien som har ramma folk i djupe dalar og langt mot nord. På Rjukan er vel ikkje ventetida over enno, men det nærmar seg.

Facebook-knapp kommer her

Mange spør seg kva vi skulle rø om her i landet, og det ikkje var veret. Det er tema anten det er for kaldt eller for varmt, om det for lite nedbør eller for mykje – sommar som vinter. Og avisene lever stort på sine veroppslag. Ja, ja – det er vel slik vi vil ha det. Det er no betre å ha veret som tema enn krig, ulykker og katastrofer som mange andre land har. Meir eller mindre frivillig. Til og med når det er valår virkar det som politikarane må leite etter tema som «slår» meir enn vermeldingane. Ein skjerma oase langt unna verdas vondskap, seier dei i andre land. Og dei har vel rett.
Men det er vel lov å seia at det er kaldt. Den danske humoristen og filosofen Storm P. hadde ein teikning der ein mann blei spurd kva han syns om verdssituasjonen.
– Den syns eg ikkje noko for eg har fått eit rusk i auga, sa stakkaren.

NRKs store serie «Ingen grenser» er no slutt. Over 1 million norskar såg at dei 11 nådde toppen av Snøhetta. Heilt utruleg. Folk med vanskar og problem som vi knapt kan førestille oss, kryssa landet frå Femundsmarka til toppen av Snøhetta. Dag etter dag sleit dei seg fram over myrar og kratt og gjennom urer og dalar. Heilt ufatteleg at folk med så store funksjonshemningar tek seg fram utan å gjeva opp. Vi andre burde kanskje finne vitigare ting å klage over enn vetrekulde og sommarturke.

Det er tydleg at deltakarane i «Ingen grenser» og Lars Monsen treffer oss i hjarta og magen. Folk har sete klistra til skjermen i veke etter veke for å sjå programmet som stadig set publikumsrekord. Liknande program blir også sendt i andre land, men ingen har så store publikumstal som NRK. Det er kanskje lov til å ta dette som eit døme på at vi» bryr oss» her i landet.

Ja vel, så er vi klimaflyktningar då, mange av oss. Det kan vel hende at vi treng å lade opp batteria både for eigen del, og for andre sin og må det var lov til å tru.
Det med å ynskje seg til eit varmare er ei mellombels løysing, om vi skal tru Ivar Aasen (og han var ikkje så dum som mange vil ha det til ) for lenger ut i «mellom bakkar og berg» heiter det …. Men når vårsol i bakkane blenkte fekk han hug til si heimlege strand.

Det er altså ikkje heilsvart sjølv om det er iskaldt, eller som Kjell Bondevik sa for 30-40 år sia: «Det er von i hangande snøre».

Åsulv Edland, journalist

 



Jobb i Telemark (193)