GRÜNDER ELLER EI: Ein kan kome langt med gode idéar og hardt arbeid. FOTO: STYRK FJÆRTOFT TRONDSEN

Gründer meg her og der

Annonse
Annonse

Ikkje visste eg at det var så mange gründarar rundt om på bygdene då eg vaks opp i Treungen på 70-talet, men sanninga er at det myssa av dei. Som lyn frå klar himmel kom dei, særleg frå Vestlandet, ihuga karar med pågangsmot og nyskapande idéar som ville gi Nissedal sårt tiltrengde arbeidsplassar. Tank at kommunen var så spennande at folk langt vekke frå ville byggje industri basert på til dømes syltety eller plastbåtar. Fantastisk!

Og det mest fantastiske var at verksemdene ofte hadde gått konkurs eit par gonger tidlegare, før dei endeleg fekk gnura og lura seg inn i 25-prosentkommunen der Distriktenes utbyggingsfond (DU) raust spanderte statlege millionar på dei som hevda at dei skulle finne opp krutet. Men vips - etter heller kort tid var både tilskottet, det innovative, firmaet og arbeidsplassane vekke. Det rare er at det var ingen på samvirkelaget som tala om at dette var gründarar.

I mange år var gründer eit heidersord i skallen min, men der har eg visst vore hei dundrande konservativ. Eg trudde at ein gründer var ein person som arbeidde hardt for å gjennomføre ein heller genial idé og slik starta noko stort som eksempelvis sette spor gjennom mange arbeidsplassar. Eg ville sagt at Sam Eyde og Kristian Birkeland var gündarar, men det er jo ikkje slik. Ikkje i dag.
I 1934 sa økonomen Joseph Alois Schumpeter: En gründer bruker tilgjengelige ressurser på nye måter. Økonomen Israel Kirzner hadde sin definisjon i 1973: En gründer er en beslutningstaker hvis hele rolle springer ut av hans årvåkenhet overfor hittil ubemerkede økonomiske muligheter. I dag slår Store norske leksikon (snl.no) fast: Gründer; grunnlegger, etablerer, nyskaper. En som har startet eller skal starte en næringsvirksomhet, oftest med utgangspunkt i en nyskapende idé eller et produkt.
Altså - i dag har heidersordet gründer blitt så loslitt at berre tanken på å starte ei kebabsjappe i Kviteseid, kvalifiserar til å kalle seg gründer. Og om ein i tillegg syslar med planane om atomkraftverk på Klyve og hudpleiesalong i Heddal, ja då kan ein brått titulere seg som seriegründer!

For eit par år sidan søkte eg ein spennande jobb der eg i søknaden kom til å skrive: «Eg hatar gründarar som trur at ein skikkeleg midt på treet-idé skal kvalifisere til sugerøyr i statskassa - men eg har den største respekt for innovative, ivrige skaparar som spyttar i nevane og syner at dei er villige til å jobbe for å nå måla sine. Eg er ingen gründer - men eg trur Innovasjon Norge Telemark treng ein direktør som spyttar i nevane.»

Det blei korkje intervju eller ny jobb på meg gitt, og eg er overtydd om at det som skal vere statens mest innovative kontor i Telemark fekk rett mann ved roret!

Eg heiar på dei store tankane for Telemark, men eg trur vegen til verdiskapinga ligg i målretta og hardt arbeid om me ikkje skal gå oss ville i gründertåkeheimen.

 



Jobb i Telemark (193)