i vinterskrud: Det er rart med snøen og vinteren. Av og til virkar det som nysnøen kjem like uventa som jolekvelden på kjerringa. Foto: SCANPIX
Når som Noreg i sylvkåpa glimar
Når som Noreg i sylvkåpa glimar
då på føtene spenner me ski.
Upp frå dalen i flokkar me stimar
og så møtest me gutar i li.
Der det gjeld vera hard,
der det vera kar.
Der det gjeld vera søner åt far.
Seljordsdiktaren, Jørund Telnes, sitt litt mannssjåvinistisk dikt er hyperaktuelt no når «sylvkåpa» omsider har lagt seg over store delar av landet. Det er rart med den snøen. Den er nesten ingen som har same meininga av om når nysnoren skal og bør leggje seg, eller i kor store mengder. Dei fleste vil gjerne ha kvit jol, men det kan godt vera bart til 23. desember. Andre kan ikkje få nok, og ser på Røldal med sine 2 meter som eit vintereldorado.
Vintersportsplassane konkurrerar om å opne skianlegga i fyrst. Vierli og Gaustablikk ligg som kjent alltid i teten. Og det er rimeleg – av og til løner deg seg å bu langt til fjells, og usentralt, som dei seier i Oslo. Svenskane kjempar også for å forlenge sesongen. I sume slalåmbakkar er det lagt ut «kuldekablar» for å forlenge vinteren. Her i landet nøyer ein seg med snøkanoner, enn så lenge, som det heiter på svensk (og no også på norsk).
Men dersom det blir klimaendring med mildare vintrar så må dei vel leggje kuldekablar på Haukelifjell og nedetter Gaustatoppen. Men det blir ikkje i vår ltid.
Det er rart med snøen og vinteren. Av og til virkar det som nysnøen kjem like uventa som jolekvelden på den kjende kjerringa. Det er fullt trafikkaos når rimet og det fyrste snølaget legg seg. Alle syns å ha gløymt snøen som fall i fjor. Vi har også høyrt om kommunar som har for lite brøytebudsjett, for året før gjekk mestepraten av pengane til sandstrøing. Akk ja, det er ikkje greitt – eit år er det debatt om snødeponi og neste år renn alle pengane ut i sand, bokstavleg talt.
Finske økonomar har rekna ut kva den nordiske vinteren kostar oss som bur her. Det er ikkje småpengar. Men det er ikkje så greitt i Sør-Europa heller, sjølv om dei har det varmt og solrikt. Eg trur vi blir.
No går det forresten mot ljosare tider her og. Sola kryp nedetter liane. Eg minnest frå opppveksten at Solli hadde sol heile året (?), så kom sola nedover liane til Åsheim, Tverrås, Uppigard, Gardsteig, Lie, Storstein og Haugen. Og så til Sudigard og Nordigard (der Storegut budde). 20. januar kunne vi sjå sola koma inn stogeglaset i Nigard etter å ha vore burt frå 20. november. Ikkje så lenge som på Rjukan og i Dalen, men lenge nok.
På hardaste vinteren ser ein berre sola som ei gullstripe på Ravneberg, men 20. januar er ho tilbake slik som i Hammerfest. Og takk for det.
Åsulv Edland, journalist















