Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Fritt etter Ibsen

ETTERTRAKTET: Mange er ute etter å sikre seg sin del av glansen etter Henrik Ibsen.

ETTERTRAKTET: Mange er ute etter å sikre seg sin del av glansen etter Henrik Ibsen.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Henrik Ibsen er død og dermed fritt vilt. Han blei kjendis lenge før ordet var oppfunne. Det derfor ikkje meir enn rett og rimeleg at hans liv og produksjon stadig blir debattert. For oss utanbys, i forhold til Skien, er det litt vanskeleg å få tak i kva det pågåande ordskiftet dreiar seg om. Er Henrik Ibsen for stor for Skien, eller er Skien for stor for Ibsen? Svaret på det siste spørsmålet er vel helst at Skien er for liten for Ibsen. Det er triveleg å lesa om alt som er sett i gang i Skien og Telemark med tilknyting til hans liv og arbeid . Ei tid såg det ut som det einaste ein kunne forbinde med Henrik Ibsen var ein borerigg uti Nordsjøen og eit parkeringshus i Oslo. Stakkars mann der han ligg i grava si utan å kunne hindre misbruk av namnet sitt. Ein båt på Telemarksvassdraget må vel seiast å liggje innanfor det akseptable, og det eg har sett i Skien og på Venstøp er og ei verdig markering av verdsdramatikaren.
Det er ingen spøk å ivareta ettermælet etter ein så stor diktar som Henrik Ibsen. Det er mange som prøvar å kapre han frå Grimstad til Oslo, og i Italia står det skilt på husa der han sat og skreiv eller tok ei glas vin. Mange kjempar om dei store. København har teke bergensaren Holberg og trønderen Tordenskjold, så pass på Skien – mange er ute etter Ibsen.
Ibsen som person er ikkje det mest verneverdige – det er sjølvsagt det han har skrive. Og det står trygt på eigne bein. Han blir spela over heile verda, han har stadig noko å fortelje oss og få oss til å tenkje på. Det er vel berre vestlendingen Jon Fosse som i dag konkurrer med Ibsen i talet på scenar der han blir spela. Personleg har eg mange gode ibsenminne å sjå tilbake på Hedda Gabler på Trøndelag Teater i 1968 med Rut Tellefsen og den fantastiske oppsettinga med Peer Gynt på Det Norske Teatret for få år sia. Jau Ibsen og hans verk lever. Det er debatten i Varden eit godt døme på. Ei skuleklasse var på ei Peer Gynt-framsyning og elevane blei spurde etterpå, kva dei syns om stykket? Jau, det var ikkje så verst, men det var så mange sitat der!

Som utflytt telemarking og Ibsen-interessert må det vera lov å seia: stell fint med Henrik. Det fortener han. Eg syns det er fint av Varden å gje oss eit dagleg Ibsen- ord – der er nok å ta av. Dei som går og ruslar på Karl Johan kan finne eit fint Ibsen-sitat på fortauet i Studenterlunden før dei går burt og helsar på den gamle meister der han står utanfor Nationaltheatret.

Ei lita Ibsen-gåte til slutt: Kva for eit Ibsen-stykke byrja slik? Jeg må ! Jeg må,… Eit tips, det er ikkje Peer Gynt som ropar det utanfor utedassen på Heggstadtunet.

Åsulv Edland, journalist


(Arkivartikkel fra 23.11.2009)

Publisert onsdag 16. desember 2009 kl. 17:54.

Annonse

Snarveier

Snarvei: Varden-TV Varden-TV

Klikk deg inn på Varden-TV.

Snarvei: Nyfødte Nyfødte & Nygifte

Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.

Snarvei: Hva skjer Hva skjer

Se hva som skjer i Telemark.

Snarvei: Bil og motor Opptatt av bil?

Sjekk våre sider om bil og motor.

Odd- Bjorkoy

Kornsirkler på Ballestadhøgda

Odd - br

Se flere videoer

Søk i skattelistene
for 2008

Nyheter på tv/radio

TV2 Nyhetskanalen: 14:30 Innblikk
BBC World: 14:30 World Business Report
Sky News: 14:30 The Live Desk
Deutsche Welle: 14:30 In Focus
NRK Alltid nyheter: 15:00 Dagsnytt

» Gå til TV Guiden

Annonse