annonse

Åpner i morgon - står i kø for å kome på Dyrsku`n

I KØ
I KØ: Det var kø for å komme på Dyrsku'n - før den har åpnet. (Foto: Halvor Ulvenes)
TILBAKE
TILBAKE: Telemarksoksen er tilbake på Dyrsku`n i år. «Nerud» veg «berre» 450 kilo. (Foto: )
STOROKSEN
STOROKSEN: Storoksen på 850 kilo sprang inn i husdyrhallen i Seljord torsdag ettermiddag. ALLE (Foto: HALVOR ULVENES)
DYRSKU-RADIO
DYRSKU-RADIO: Jan Vidar Holte (t.v.) og Kyrre Dahl (Foto: Halvor Ulvenes)

Storoksen «Flatvad» ville hoppe ut av dyrebilen for å kome på Dyrsku`n. Dagen før dagen var det kø i Seljord.

Halvor Ulvenes

Alt dagen før opninga var det enorm aktivitet på og utanfor fesjåplassen. Torsdag ettermiddag var det kø for å kome til arrangementet som har over 700 utstillarar.

Ein av aktørane som er på plass er Dyrskuradioen, som er på lufta for 31. gong. Jan Vidar Holte er veteran med kring 20 år bak mikrofonen.

– Me startar sendinga klokka 07 fredag og held det gåande så lenge eg er vaken, seier Holte, som overnattar i det vesle rommet ved inngangen til husdyrhallen.

Med seg i studio har han Kyrre Dahl. Både to seier at overgangen til DAB har bydd på ein opptur for lokalradioane som framleis også får sende på FM-bandet.

LES OGSÅPå veg til Dyrsku'n - med overlast og pill råtne lastestropper

Oksene kommer

Husdyransvarleg Sigbjørn Haslemo opplyser til Varden at det er svært god tilgang på dyr i år - og kyrne var jo nettopp utgangspunktet for det fyrste fesjået for meir enn 150 år sidan.

– Me har 47 mjølkekyr, 43 kjøttfe, over 100 hestar, grisar, sauer, lama og kaninar. I år får me også besøk av ein Telemarksokse. Det er heller sjeldan, seier Haslemo.

Telemarksoksen «Nerud» veg 450 kilo, og kjem frå Gjøvik-traktene.

LES OGSÅGeir Helge ventar over 90.000 på den store folkefesten

Storbesøk

Elles er det duka for storbesøk på opningsdagen, med statsminister Erna Solberg som den mest celebre gjesten. Ho har også æra av å opne årets dyrsku, og deltek i tillegg både i den store landbruksdebatten og i konkurransen med mjølking som skjer fredag ettermiddag.

Båe stader stiller ho med Bård Hoksrud mot opposisjonen sine representantar, toppleiarane Jonas Gahr Støre frå Ap og Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet. Tema i debatten blir både beredskap, ekstremvêr og mål for berekraft.

Rekorden

Elles byr Dyrsku`n på ei rad arrangement både i dag og dei to neste dagane - alt frå nålefilting, kniv- og klokketorg, karding og spinning, skoing av fjordhest, matvarer i fleng og ikkje minst dei store anleggs- og landbruksmaskinene. Publikumsrekorden vart sett i 2016, med over 94.000 besøkande. Vêret blir avgjerande for om den rekorden blir slegen i år. Leiinga har tidlegare sagt at målet er å kome over 90.000 i år.

halvor.ulvenes@varden.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse