PÅ VANDRING: Ein bamse lik denne har truleg vandra ut av Telemark.

Bamsen labbar vidare

Vinjebamsen kan vera ute av Telemark. Det er ingen observasjonar sidan 16. mai på Tveiten i Grunningsdalen.

Annonse
Annonse

VEST-TELEMARK Frå denne staden er det lett for sålegjengaren å ta seg vidare over Lifjell eller vidare austover og ut or fylket, meiner Espen Marker i SNO.
Frå staden på Hyllandsheia i Vinje, der observasjonane kom 19. april og til Grunningsdalen har den om lag tre år gamle bamsen vandra minst 90 kilometer. Ikkje noko uvanleg lang distanse for ein hannbjørn på våren.

Frå Hylland

Turen har gått ein runde rundt Vehuskjerringa, innom hytter og gardar på Ålandsli og Hommo. På denne sveiven er det fire observasjonar. Naturleg nok sidan det var mange folk ute for å leite etter sporteikn.
På leiting etter mat og fleire gode bjørnetrakter sveiva han innom Breivatn og Rausinutane. Espen Marker meiner bjørnen har funne seg mat i maurtuver og bytte etter vellukka jakt. Bjørnen er god nok jeger til å legge nedpå ein elgkalv eller eit anna svekka hjortevilt.

Til Morgedal

Fyrst i mai dukka han opp hos Erik Håtveit i Morgedal som tok børsa på aksla og vakta på husdyra på jordet.
Om bamsen gjekk og jakta på husdyra med tanke på mat er usikkert. Men i alle fall rusla han vidare og dukka opp att i Grunningsdalen.

Ganske sky

Vinjebamsen har hittil vist seg å vera ein relativt sky bjørn. Han har vore flink til å unngå stader med mykje folk. Så vil tida framover vise om mathugen og svolten blir for stor til å la vera beitedyra. Bjørnen, som neppe kjem til å få noko radiohalsband eller blir systematisk spora, kan i stor grad avgjera sin eigen lagnad. Held han seg vekk frå Telemark og klørne unna buskap, har han gode sjansar til eit lengre liv enn det rovviltnemnder kan gjeva han.

Granskar slekta

Om han kjem frå ein god familie der han er opplært til å halda seg vekk, veit ein heller ikkje ennå. Hår frå bamsen som overvintra i Vinje kjem til å bli analysert og DNA profilen vil truleg kunne avsløre kven som er mor og kvar han eigentleg kjem frå.

Bare i kommunevåpenet

Og om bjørnen frå Vinje har rusla ut or Telemark, så er det berre bjørnen i kommunevåpenet i Tokke som er att i Telemark akkurat nå, meiner bjørnekjennarane. Og slik skal det helst vera. For i fylket som eingong hadde den tettaste bjørnestamma i landet skal det ikkje vera fast busetnad av bjørn. Det har folket bestemt.


(Arkivartikkel fra 26.05.2008)
 



Jobb i Telemark (191)