NETTVERK OG KUNNSKAP: Berit Spange, leiar for overgrepsmottaket i Telemark i samtale med jurist Inger Lise Stølsvik frå Senter mot seksuelle overgrep. FOTO: JOHN STRAUME
- Barns truverdighet må ein ta på alvor
Det store steget for å bygge nettverk for å oppdage vald og overgrep mot barn blir bygd med kunnskap og samarbeid på seminar i Vrådal .
Sjukepleiar Berit Spange, ein av initiativtakarane til seminaret om vald og overgrep mot barn ser ikkje bort frå at fleire overgrepssaker blir avslørt etterkvart som sjukepleiarar, barnevernstilsette, politi, legar og tannlegar og helsesøstrar nyttar sine tverrfaglege kontaktar og kunnskap. Seminaret i Vrådal er grunnstein i dette arbeidet.
Overgripar med tillit
Det rekna med 24.000 barn som har vore utsett for incest. Nesten hundre menneske i kvar kommune i Telemark har, om ein legg tala til grunn, hatt slike opplevingar.
97 prosent av desse overgrepa blir utført av ein tillitsperson i forhold til barn. Dei fleste overgrepa teier barna om. Dei fleste overgrepa blir det ikkje fortalt om før i 30 50 årsalderen.
Tabu og redsle
Med eit samarbeid på fleire fagfelt kan det bli lettare å fange opp barns medvetne og umedvetne og fysiske teikn på at noko er galt. Mange gonger har me som arbeider med dette vore redde for å gjera feil.
I ei tid der mange er opplyst om emnet skjer det likevel overgrep mot barn. Det meste er framleis tabubelagt. Og i nokre tilfelle kan det handle om å behalde omsynet til den perfekte fasaden som gjer at forhold ikkje blir oppdaga i familien.
Det gjer det bare endå viktigare at helsearbeidarar lærer seg meir om signala som born kan gje om overgrep.
Fleire seminar
I så måte kan Berit Spange og arrangørane av seminaret notere seg for ei enorm interesse for å ta opp kunnskapen. Denne gongen var det ikkje plass til alle som melde seg på.
Difor er det grunn til å tru at det kjem fleire tilsvarande seminar i framtida. Og kunnskap- og kjennskapsfremjande seminar som dette vil høgst sannsynleg føre til at talet på overgrepssaker kjem til å stige.
(Arkivartikkel fra 04.02.2009)

















