Ordfører Solveig Sundbø Abrahamsen (f.h.) og næringssjef Harriet Slaaen og leiar av Seljord Næringslag Gunnar Eilefstjønn ved Sjøormtårnet. (FOTO: KNUT HEGGENES)

Er dette Noregs beste stad?

Seljord er nominert til Statens pris for attraktiv stad. Satsing på sjøorm og identitet kan gjere at Seljord blir kåra til den alle fyrste «attraktiv stad» i Noreg.

Populære saker akkurat nå

Varden

Hold deg oppdatert på nyheter fra Telemark! Følg Varden på Facebook du også!

– Er det ikkje fantastisk, jublar ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.

Facebook-knapp kommer her

Det var i går Seljord fekk gladmeldinga om at bygda har kome gjennom det fyrste nålauget, og er ein av dei 7 til 10 kandidatane som var planlagt nominert. Dit har dei kome i konkurranse med 238 stader som var føreslått til prisen.

Seljord og sogene

– Førebels  har me ikkje fått vite meir om kvifor me er utvald, men me gler oss til å få juryen på besøk i byrjinga av mai, seier ordføraren.

Ho reknar med at nominasjonen har samanheng med prosjektet «Seljord og sogene» som det har vert jobba flittig med i telemarkskommunen gjennom fire år.

– Det har gitt oss eit løft, og gjort Seljord til ein meir attraktiv kommune å bu og drive næring i, meiner ordføraren, som også er svært tilfreds med at kommunen lengst aust i Vest-Telemark har hatt ein liten folkevekst i det siste.

200.000 besøkjande

«Seljord og sogene» er eit prosjekt med mange delprosjekt som skal gi Seljord identitet og attraksjon, fortel ho. Sjøormen og sjøormtårnet er ein del.
Sogematerialet i kunst og kultur er eit anna. � skape møteplasser er også ein viktig del, og der er Seljord ei unik bygd med sine 200.000 besøkjande på Dyrskuplassen kvart år.

– Luktar det siger allereie?

– Eg tar ingenting på forskot. Det er ein siger å ha kome så langt som me har, men me skal nok ta godt imot juryen når dei kjem, lovar Solveig Sundbø Abrahamsen.

 

Dette leses mest på Varden.no akkurat nå