1.000 år gamal øks: VIKINGØKS. Det er godt synleg at smeden la eit lag hardare metall utanpå kjernen av øksehovudet foto: olav bøe

Fann 1.000 år gamal godt bevara øks

Nyleg fann ein somdreiv med skogplanting ei arbeidsøks frå vikingtida i Fyresdal.

Annonse
Annonse

FYRESDAL Det er fylkesarkeolog Geir Sørum i Telemark fylkeskommune som seier det til Varden. Arbeidsøksa er frå perioden 800 – 1.000 e. kr. og vart funnen no i vår av ein kar som dreiv skogplanting i Åslandsgrend.

For ein flaks

– Tenk for ein flaks. Ved skogplanting lagar du berre eit lite hol i jorda. Og dunk, så høyrde han at han trefte på metall. Opp kom denne øksa av eit slag som det berre er funne ganske få av i fylket. Ho har nok ligge i ein gravhaug som er blitt pløgd utover eit gamalt jorde og låg difor like under torva. Og så godt bevart den er – etter så mange år i jorda! Du ser enno at smeden har sveisa fast – ved hjelp av varme – eit lag hardare metall utanpå det blautare øksehovudet. Dei hadde to teknikkar den gong: Anten la dei den harde metallkjerna innerst og fram mot bladet slik at du fekk ei hard egg. Eller dei gjorde som her. Og holet for treskaftet er nærast trekanta, typisk vikingtid.

– Stridsøkser er noko sjeldnare å finne. Dei er lettare og har øksehovud med meir utsvinga form, .så du får to skarpe spissar på egge-endane. Desse spissane vart brukt som «bokseåpnarar» når dei rispa den over skallen på den dei kriga mot.

Mange funn

I Telemark var det mykje jernproduksjon frå myrmalm i denne tida. Noko mange finn spor etter i dag som slaggklumpar, særleg langs strender på regulerte vatn. Jern dei vann ut frå myrmalm i jernvinner var særs sterkt og motstandsdyktig mot rust, seier Sørum

– I Åslandsgrend er det gjort mange funn frå steinalder og jernalder og me fann nyleg ein uoppdaga gravhaug der. Heldigvis er det histioriebevisste folk som bur der og som seier ifrå. Folk må aldri vera redde for å melde frå om oldsaksfunn. Det er ein gamal myte at det vil koste grunneigar noko visst dei seier frå. Alt blir kosta av oss og går utgraving utover avlinga, blir det erstatta. Diverre har me i Telemark opplevd at oldsaksfunn har ligge titalls år nedstøva på ¨låve og loft og fyrst kjem fram etter arveskifte eller eigarskifte. Folk må også vite at dei kan få låne attende lokale funn frå Kulturhistorisk museum i Oslo. Der blir ting konserverte fyrst. Men har eit lokalt museum godkjent monter kan dei få låne ting attende.

 



Jobb i Telemark (193)