Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Feil på feil i likningspapir

OPPRØRT: Knut Buen ergrer seg over feila i likningspapira. FOTO: MARTA KJØLLESDAL

OPPRØRT: Knut Buen ergrer seg over feila i likningspapira. FOTO: MARTA KJØLLESDAL


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

- Det er ein kjempeskandale. Det seier Knut Buen etter å ha fått skjema til sjølvmeldinga der alt er feil.

HJARTDAL - Eg har fått skjema der beløpet som er ført opp som gevinst og utbytte på grunnfondsbevis og aksjar er heile kjøpesummen, seier Knut Buen, kjend felespelar, rosemålar, studiomann og bonde. Dette gjeld skjema som skal leggast ved sjølvmeldinga. Og ein slik feil vil føre til eit heilt anna skattegrunnlag og skattenivå, enn det som er rett, dersom det ikkje blir oppdaga. Buen har fått fleire skjema og ikkje eitt har vore rett, på enkelte har alt vore feil.

Dyr sak

- Her lagar dei nye, kompliserte skattereglar og så overlet dei til vanleg folk å rette feila. Det burde vere sjeldan at det var feil, meiner Buen. - Dei ber folk rett ting dei ikkje forstå sjølv. Då hjelper det vel ikkje at me rettar det, for dei skjønnar det vel ikkje når det kjem att, seier han litt meir humoristisk.
- Det er ei nymoralisme i samfunnet i dag, folk skal vere ordentlege og betale skatt. No skal dei kriminalisere horekundar. Men er det ikkje kriminelt å sende ut slike brev, spør han. – Og tenk på all portoen, held han fram. I følgje Aftenposten er det sendt ut 614.000 brev av denne sorten. Med 22 kroner i porto blir det 13,5 millionar kroner, som skattebetalarane må betale. Buen seier det er stor frustrasjon både i bankvesen og på likningskontora, men dei som lir mest er vanlege folk. – Eg skjønnar ikkje korleis dei vil rette opp att dette, seier Buen.

Ingen kontroll

- Det blir meir og meir ekspertise, men ingen ting av det som blir sendt ut frå datamaskinene blir kontrollert manuelt. Ein er i ferd med å misse tiltrua til systemet. Hadde det endå ikkje vore så strengt. Om ein for eksempel av forståelege grunnar ikkje har betalt restskatt, får ein straffegebyr på over 1.000 kroner. Alt er det deadline på frå staten.
- Dei burde sette folkestyre ut på anbod til nokon som kan noko. Det er betre å betale litt og det blir rett enn å bli styrte av folk som ein ikkje kan stole på seier, ein sint skattebetalar frå Tuddal.


(Arkivartikkel fra 25.04.2007)

Publisert fredag 11. desember 2009 kl. 20:51.

Annonse

Snarveier

Snarvei: Varden-TV Varden-TV

Klikk deg inn på Varden-TV.

Snarvei: Nyfødte Nyfødte & Nygifte

Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.

Snarvei: Hva skjer Hva skjer

Se hva som skjer i Telemark.

Snarvei: Bil og motor Opptatt av bil?

Sjekk våre sider om bil og motor.

Odd- Bjorkoy

Kornsirkler på Ballestadhøgda

Odd - br

Se flere videoer

Søk i skattelistene
for 2008

Nyheter på tv/radio

Al Jazeera Int.: 12:30 Riz Khan
TV2 Nyhetskanalen: 12:30 Innblikk
BBC World: 12:30 World Business Report
Sky News: 12:30 Sky News Today
DR1: 12:35 Aftenshowet

» Gå til TV Guiden

Annonse