annonse

Fekk kjempeaure på kroken

FLOTT FISK
FLOTT FISK: Bjørn Gjærum med sitt livs fisk frå Flåvatn. (FOTO: PRIVAT)

I helga beit storauren på Flåvatn. Bjørn Gjærum frå Ulefoss fekk storfisken på 9,2 kg på sluken Storauren.

  • John Straume

Etter nokre timars dorging med den sølvblanke, 45 grams, velkjente sluken kom det store nappet.

Facebook-knapp kommer her
Etter om lag ein halv time. Me trur fiskaren når han seier at det ikkje var klokka han var mest opptatt av akkurat då. Men dotter hans hadde videoapparatet med seg og filma Bjørn sitt livs fiskeoppleving. Til slutt hadde han storfisken inntil båten slik at han fekk ta han med handmakt og få han om bord.

Hadde håv, men..

-Eg hadde håv med meg. Men eg makta ikkje å halde den kjempande fisken med stanga i ei hand og håven i den andre. Til slutt låg fisken så roleg at eg overlot stonga til dotter mi, medan eg kunne få handa og ta tak i gjelleopninga.

Fisken, som blei avliva med nokre solide slag frå Gjærum sin vernesko, skal preparerast og bli eit skikkeleg trofé i heimen til fiskaren. Storauren på veggen i stova, og videoopptak frå hendinga, vil vera grunnlag for mang ein god fiskeprat i framtida.

Bjørn Gjærum har også opplevd nærkontakt med storfisk tidlegare. Men den gongen var det fisken som vann kampen.

Den unike storauren

Storaurestamma i dei store innlandsvatna Flåvatn, Kviteseidvatn og Bandak er unik i nasjonal samanhang. Ikkje minst er Tokkeåi og Bandak kjerneområde for storfisken.

Men ein veit lite om vandringar og levesett for denne auren.

Bjørn Gjærum sin storaure er ein av dei største, kanskje den største som er tatt på stong i desse vatna.

Etter det Varden kjenner til er det att aurar på 4, 5 og 6 kilo på stong frå båt tidlegare i Bandak og Kviteseidvatn.

I 2009 tok Dag Morten Solheim på Dalen ein Bandakaure på 11,3 kg på stong frå land.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse