Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Førebur seg til årets gaupejakt

STOR INTERESSE

STOR INTERESSE: Lasse Krogstad, NJFF; Kjartan Sjulstad, NINA; og gaupejeger Eivind Lurås var godt nøgde med den store interessa for gaupe og gaupejakt. FOTO: JOHN STRAUME


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Gaupejegerane førebur seg til jakt – ei jakt som forvalt- ingsapparatet meiner gaupestamma toler.

Før årets jakt i februar, har friviljuge gått 300 løyper og meir enn 900 kilometer på søk etter gaupespor bare i Telemark. I Drangedal åleine er det 31 løyper.
Gaupespor etter streifande dyr og familiegrupper blir registrert om dei har kryssa desse linene på gode sporsnøforhold.
Rapportar blir sendt til rovviltkontaktar og naturoppsynet.

Scanlynx

Det skandinaviske gaupeprosjektet som følgjer gauper i Noreg og Sverige hentar også inn informasjon via moderne gps-sendarar på gaupe. 365 gauper har vore eller er radiomerka i regi av Scanlynx-prosjektet.
Alt dette gjev god informasjon om gaupers levevis og leveområde. Favorittmaten til gaupe er rådyr. Det avgjer også leveområdet.

«Bjarne»

I Telemarks region er 900 kvadratkilometer eit normalt revir for ei gaupe. Bare ei gaupe har utmerka seg. Det er «Bjarne» som lever i grenlandsområdet. Ingen andre merka gauper har bruka så lite areal som denne.

Ungane overlevde

Det er enkeltindivid som jegerar blir oppfordra til å jakte på. Men, forskar Kjartan Sjulstad frå NINA viser til at alle gaupeungar overlevede i dei tilfella der mora blei skoten.
Ei opplysning som både jegerar som sauehaldarar noterte seg på møtet i Bø der 150 gaupeinteresserte var samla for å høyre forskarar og naturoppsyn.

Gaupejegeren

Det var likevel gaupejeger Eivind Lurås som fenga forsamlinga mest. 27 åringen frå Tinn er ein særs erfaren gaupejeger.
Jaktlaga han har vore med på har felt 18 gauper før årets jakt.
Lurås fortalde om bruk av hund. Det er tøffe hundar som sibirsk laika og plotthundar som blir bruka etter årelang trening i jakt på rovvilt.
Krydra med historiar serverte han jaktfakta som sat som eit skot i forsamlinga. Informasjon om oppsetting av postringar, mange timars søk på spor og organisering av jaktlaga.

Gjer forarbeidet

Mykje viktig arbeid må gjerast i forkant av jakta. Avtaler med grunneigarar som sikrar rett til å jakte over store areal uavhengig av kommunegrenser er ein føresetnad for jakta.
Grunneigarar og andre bør også få namnelister over dei som jaktar. Gaupejegarar må ha papira i orden og vera budd på kontroll, presiserte Lurås som svara på jegerars mange spørsmål.

Interessa på topp

Telemark Bondelag, Statens Naturoppsyn og Norges Jeger- og Fiskerforbund Telemark kan notere at interessa for gaupejakt og forvaltning av rovdyret er på topp i fylket.

Publisert onsdag 03. februar 2010 kl. 12:02.
Sist oppdatert onsdag 03. februar 2010 kl. 12:22.

Annonse

Kommentarer (0)

Kommentering tilgjengelig mellom kl. 09:00 og kl. 16:00

Snarveier

Snarvei: Varden-TV Varden-TV

Klikk deg inn på Varden-TV.

Snarvei: Nyfødte Nyfødte & Nygifte

Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.

Snarvei: Hva skjer Hva skjer

Se hva som skjer i Telemark.

Snarvei: Bil og motor Opptatt av bil?

Sjekk våre sider om bil og motor.

Pasta

To biler i brann

Tre til sykehus etter bilulykke

Se flere videoer

Søk i skattelistene
for 2008

Nyheter på tv/radio

NRK 2: 00:45 Oddasat
P1: 01:00 Dagsnytt
Al Jazeera Int.: 01:00 News
CNN: 01:00 World Report
BBC World: 01:00 BBC World News America

» Gå til TV Guiden

Les avisen på mobilen

Les varden.no på mobilen
mobil.varden.no

Få tilsendt linken i en tekstmelding på mobilen din
Ditt mobilnummer:

Meldingen er gratis

Annonse