UTRYGG FRAMTID: Fordi ingen gauper er skotne i Vinje, Fyresdal og Drangedal i vinter, fryktar Lars Bjaadal at det kan går hardt ut over sauer og lam i desse områda i sommar.

Fryktar tidenes gaupesommar

22 gauper er skotne i vår region i vinter, men ingen vart tekne i Vinje. Lars Bjaadal fryktar rekordstore sauetap i sommar.

Annonse

NØGD: Leiar Lars Bjaadal av rovviltnemnda i Telemark, Vestfold, Aust-Agder og Buskerud er nøgd med at gaupekvota blei skoten.

Annonse

TELEMARK Leiar Lars Bjaadal av rovviltnemnda i Telemark, Vestfold, Aust-Agder og Buskerud er godt fornøgd med at kvota på 22 dyr blei fylt under årets gaupejakt. Åtte av dei vart tekne i Telemark. Likevel fryktar han sterk vekst i gaupestamma og sauetapa i enkelte deler av fylket.
– Det er ikkje skote gauper i Vinje, Fyresdal eller Drangedal i år. Det bekyrar meg, for det er i desse delane av fylket det har vore størst rovdyrtap. I Vinje har det vore enorme tap på 20 – 30 prosent i enkelte besetningar, seier Bjaadal.

Uakseptable tap

Fordi ingen dyr er skotne i Vinje, reknar han med at gaupestamma lengst vest i Telemark blir større denne sommaren enn i fjor. I tillegg har ein bjørn overvintra i Vinje, og kjem truleg ut av hiet i løpet av dei næraste vekene.
– Tapa på nokre sauebesetningr i Vinje har vore uakseptable dei siste åra, og er allereide medvirkande årsak til at stadig fleire sluttar med sau, fastslår Bjaadal (bildet).
No vonar han at andre tiltak – som det skal delast ut 350.000 kroner i støtte til – kan forebyggje sauetap i Vinje i sommar. Auka tilsyn og meir GPS-merking av sau er døme på slike tiltak.
Sauherad er den kommunen i Telemark der det blei skote flest gauper i vinter. Tre dyr blei tatt av same jaktlag. Bjaadal meiner jegrar sauebønder i Vinje og andre område nå burde søke hjelp og kunnskap hjå duglege gaupejegrar i Midt-Telemark.

"Nye" familiegrupper

Samstundes ser leiaren av rovviltnemnda positivt på situasjonen totalt i rovviltregionen, etter at heile kvoten på 22 gauper vart fylt.
– Eg meiner jakta har vore vellukka fordi alle indikasjonar tyder på at me har ei gaupestamme i vekst, og den må forvaltast. Avskytinga i år er ein viktig faktor for å ha kontroll på stamma. Eg håpar me har tatt det meste av tilveksten i stamma i år, men fryktar at me ikkje har det, sier han.
Ikkje sidan 1998 er det blitt skote så mange gauper i region 2 som det blei i vinter. No ventar Bjaadal på dei ofisielle gaupetala fra Norsk Institutt for Naturforskning i mai, og seier han blir svært overraska om ikkje dei viser kraftig auke.
Medan det politiske målet er minst 12 ynglande gauper i region 2, trur Bjaadal det no er minst 15. Blant anna er det registrert to ukjende familiegrupper i Grenland i vinter. Bjaadal mener ein bør vurdere jaktstart 2. januar istadenfor 1. februar, for å auke sjansen for god sporsnø og effektiv jakt.


(Arkivartikkel fra 01.04.2008)
 



Jobb i Telemark (191)