SLØSING: – Nesten to millionar kroner til omtaksering er sløsing med kommunale midlar, seier gruppeleiar for Bø Frp, Ole Morten Aasgrav. FOTO: HALVOR ULVENES
Frykter syvdobling av boligskatten
Gruppeleiar for Frp, Ole Morten Aasgrav fryktar at med marknadsverdi som takst kan eigedomsskatten for eit vanleg hus i Bø auke frå rundt 2.000 kroner i dag til 14.000 kroner.
VEDGÅR: Ordførar Olav Kasland vedgår at omtakseringa blir mykje dyrare enn kommunen har rekna med. FOTO: KJELL AULIE
– Skrekkscenarioet er inga botnfrådrag og ein takst på sju promille. 2,5 millionar kroner er ingen urealistisk pris verken ved sal av hus eller nybygg. Med mine føresetnader kan skatten da auke frå 2.000 til 17.000 kroner. Med eit botnfrådrag på 500.000 kroner vil skatten like fullt stige til 14.000 kroner. Utslaget er grotesk, seier Ole Morten Aasgrav. I det nye framlegget legg rådmannen opp til at marknadsverdi skal leggjast til grunn ved omtakseringa. Ei takstnemnd skal besøke over 3.000 eigarar.
Sløsing
– I budsjettmøtet i desember blei det sagt at omtakseringa berre skulle koste 300.000 kroner. No er beløpet stige til nær to millionar kroner. Dette er ei vanvittig sløsing med kommunale midlar, meiner Aasgrav.
– Det kan bli ein lågare promillesats?
– For innbyggjarane er dette farleg. Politikarane kan da i neste runde berre høgde satsen i tråd med pengebehovet. Eg lurar på kvifor kommunen ikkje kan droppe marknadsverdi no sidan ein kunne det ved omtakseringa for ti år sidan, seier Aasgrav.
Kan snu straumen
– I innstillinga til formannskapet legg ein opp til å bruke byskattelova. Det er underleg sidan me bur i Bø. Bygda har hatt ein fin folkevekst dei siste åra. Dette har skapt økonomiske utfordringar ved at inntektene av folkeauken kjem i ettertid. Med framlegget til ny eigedomsskatt kan den bety at folketalsutviklinga på sikt blir negativ. Det var vel ikkje meininga. No får innbyggjarane merkje dei praktiske følgjene av at Venstre, KrF og SV har fleirtal i kommunestyret, seier Aasgrav
Avviser
Ordførar Olav Kasland (V) avviser reknestykka til Aasgrav.
– Me skal leggje inn eit botnfrådrag. Det bestemmer demokratiet. Kommunen skal ikkje ta inn meir enn me treng til sjukeheim – dvs. 15,5 mill kr som totalt sett ein vekst på 135 prosent. Etter omtaksering skal me ikkje bruke sju promille, seier ordførar Olav Kasland, som vedgår at omtakseringa blir kostbar.















