annonse

Gerd (72) til Gaza med båt

TIL GAZA:
TIL GAZA: – Visst er eg spent, men meir forbanna enn redd, seier den landskjende feministen og idrettsprofessoren (FOTO: TORE ØYVIND MOEN)

Gerd von der Lippe frå Bø er ein av aktivistane frå mange land som i dag dreg til Gaza i båt.

Halvor Ulvenes

– Målet er å vise verda den ulovlege okkupasjonen av Gaza, seier 72-åringen. I morgontimane onsdag sat ho seg på flyet med kurs mot Sicilia. Båten ligg no i Palermo.

– Visst er eg spent, men meir forbanna enn redd, seier den landskjende feministen og idrettsprofessoren, der ho legg ut engasjert og intenst om den veldig spesielle båtturen.

Ligg på Sicilia

Ho skal vere einaste norske av mannskapet på 18 på den vesle svensk-norske fiskebåten «Marianne».

Båten er eigd av Ship to Gaza Sweeden og Ship to Gaza Norway. Denne gongen er det tre skip som skal prøve å nå Gaza. Desse går ut frå hemmelege stader i Middelhavet.

Sove på skift

– Dette blir tøft. Det er ni køyeplassar om bord i «Marianne», så me må sove på skift. Eg har med meg sovepose og pute, seier Gerd von der Lippe.

I 2010 prøva Freedom Flotilla (fridomsflåten) å bryte den israelske blokaden. Det resulterte i at ni tyrkarar vart drepne.

– Organisasjonen er for menneskerettar og mot vald, understrekar Bø-kvinna.

Spesielt ansvar

– Noreg har som ein leiande sjøfartsnasjon eit spesielt ansvar for å seie frå at reglar blir brotne i internasjonalt farvatn, meiner von der Lippe.

– Kor lang tid reknar du med at turen tek?

– Eg har teke krigsforsikring frå 19. - 30. juni, men veit ikkje noko meir.

Bøheringen er førebudd på at den israelske marinen slår til.

– Me risikerer å bli fengsla, men det er verdt prisen. Gaza vil nok bli fritt ein gong, men neppe i mi tid. Me er partipolitisk uavhengige og forheld oss til dei sivile på Gaza. Det nyttar ikkje å vente på presidenten i USA og EU. Folk må engasjere seg. Kor hadde likestillinga vore i dag utan kvinnerørsla? spør ho.

Er redde

– Kva seier folk rundt deg om båtturen?

– Kjærasten min og sonen min likar det ikkje, men veit at det ikkje nyttar å stoppe Gerd. Dei to systrene mine er svært redde. Folk i Gaza ventar på oss, svarar idrettsprofessoren frå Bø.

Aktivistane har med seg solcellepanel og medisinar. Dette fordi straumforsyninga er brote på Gaza.

Dei neste dagane skal Gerd von der Lippe og dei andre aksjonistane trene for situasjonar som kan oppstå på det som kan bli ei svært dramatisk reise.
 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse