VardenNyheter
Rådmann Hans Kristian Lehmann i Vinje tilrår politikarane i Vinje å seie ja til konsesjonen for å få kjøpe den 146.000 dekar store eigedomen Vestre Vollane på Hardangervidda. Saka kjem opp i Grønt Utval i kommunen fredag, og blir avgjort av kommunestyret i neste veke. Milliardæren frå Stavanger fekk tilslaget på eigedomen for 111 millionar kroner.
- Vi hadde møte med Hermansen i førre veke. Han lovar å slutte seg til fiskekortordninga til Hardangervidda Grunneigarsamskipnad heile året unntatt i reinsjakta. Det tyder at ålmenta si tilgang til sportsfiske er sikra, seier Lehmann. Stopp for fiske under reinsjakta er vanleg. Hermansen opnar også i ein viss grad for garnfiske.
- Vi har hatt ein positiv dialog med Hermansen, seier Lehmann.
Eigedomen har rike jakt- og fiskeressursar. Årets fellingskvote for rein var på 44 dyr. Kvenna-vassdraget, som går gjennom eigedomen, er kjent som eit av dei beste fiske-vassdraga på Hardangervidda.
- Det er omsynet til framtidige generasjonar trong og omsynet til miljøet, allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser som etter sakshandsamar meining er det mest sentrale i denne saka. Når det gjeld omsynet til framtidige generasjonars behov veit vi at søkjaren oppgjer i søknaden at han ynskjer å forvalte eigedomen i tråd med måten eigedomen tidlegare har vorte forvalta på. Vinje kommune har ingenting å utsetje på måten eigedomen har vorte forvalta på av dei tidlegare eigarane. Når søkjaren i fylgje søknaden ynskjer å vidareføre denne forvaltninga må ein rekne dette som sannsynleg. I uttrykket framtidige generasjonars trong legg sakshandsamar fyrst og fremst ei berekraftig forvaltning av vilt og fiskeressursane, og ei forvaltning i tråd med Hardangervidda Nasjonalpark sine vernereglar. Sakshandsamar ser ingenting i søknaden som talar for at søkjaren vil forvalte eigedomen på ein måte som er i strid med omsynet til framtidige generasjonars behov, skriv rådmannen i innstillinga si. Han ser ingen grunn til å nekte konsesjon.
Publisert fredag 11. desember 2009 kl. 17:26.
Varden-TV
Klikk deg inn på Varden-TV.
Nyfødte & Nygifte
Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.
Hva skjer
Se hva som skjer i Telemark.
Opptatt av bil?
Sjekk våre sider om bil og motor.
| NRK Alltid nyheter: | 14:00 | Dagsnytt |
|---|---|---|
| P2: | 14:00 | Dagsnytt |
| P1: | 14:00 | Dagsnytt |
| Al Jazeera Int.: | 14:00 | News |
| CNN: | 14:00 | World Report |
(132 bilder)
(123 bilder)
(15 bilder)
(50 bilder)