– Han kunne ikkje dø på golvet
Nina Skeie fekk panikk da mannen fall livlaus om på nyttårsnatta.
– I ein slik situasjon mistar ein 90 prosent av både vett og hjerne. Men eg sa berre til meg sjølv at han kunne berre ikkje dø på golvet, fortel Nina Skeie.
– Me er medlemmer av Norsk Luftambulanse, men eg hadde aldri drive med hjartekompresjon eller gått på kurs for gjenoppliving.
Fyrste beskjeden var at det ville gå 31 minutt før ambulansen kom. Eg var så fortvila.
Det kom etter kvart nokre lydar frå Oddmund og han fekk skum i munnen. AMK-sentralen opplyste at det var gode teikn, fortel Nina Skeie vidare.Ho knekte alle ribbeina på ektemannen med redningsarbeidet.
Luftambulansen frå Hallingdal måtte snu på grunn av snøstorm, så da kom det eit tilsvarande transportmiddel frå Arendal. Det landa i vegen utanfor bustaden rundt klokka 03.10.
– Hjartet var veldig svakt da dei reiste med han. Eg fekk og beskjed om at eg måtte vere førebudd på store hjerneskader. Det medisinske personellet kjørte på med blodfortynnande middel – såkalla Metalysebehandlingg for å løyse opp proppane i årene, seier Nina Skeie.















