Haukeliekspressen kolliderte med ein personbil i Tokke laurdag morgon.

Haukeliekspressen i kollisjon med personbil

Haukeliekspressen kolliderte ved Mostøylsbakkane på E134 laurdag morgon. Ingen passasjerar vart skadde, men ein ny buss måtte ta dei med vidare mot Oslo.

Annonse
Annonse

De var like etter klokka 08 laurda morgon at det small. Haukeliekspressen sin morgonbuss frå Åmot mot Oslo kom køyrande ved Mostøylsbakkane i Tokke. Der møte bussen ein personbil som fekk sleng. Dei to køyretøya kolliderte, men politiet rapporterer at det ikkje oppsto nokon personskade.

Facebook-knapp kommer her

- Det vart heller ikkje store skader på bussen, men nok til at me sende ein ny buss frå Seljord for å ta med passasjerane vidare. Dete førte sjølvsagt til litt forsinkelse, men ikkje meir enn 30 - 45 minuttar, fortel Åsmund S. Kroken, teknisk sjef i Telemark Bilruter.

Den skadde bussen kunne likevel køyrast for eigen maskin til Seljord for reparasjon. Kroken opplyser at det fyrst og fremst var ei frontlykt og nokre plastdelar som vart øydelagde.

 



Jobb i Telemark (194)