SEL IKKJE SKINNET: – Me sel ikkje skinnet før bjørnen er skoten, seier brørne Hans Norheim (t.v.) og Olav Norheim i Bø. FOTO: HALVOR ULVENES (FOTO: HALVOR ULVENES)

Jaktar på oljearvingar

Brørne Hans og Olav Norheim kan innkassere store beløp på eit oljefelt i Nord-Dakota. No kan fleire telemarkingar bli millionærar på eit anna felt lenger sørvest i USA.

Annonse

Liste over interessentar til oljefelt

Følgjande stod i 1986 oppført som interessentar til oljefeltet i McKenzie Count:

  • Ketil Hagen, Bø
  • Steinar Hagen, Bø
  • Thor Hagen, Bø
  • Halvor Hagen, Bø
  • Olav K. Lindheim, Gvarv
  • Ingeborg K. Lindheim, Akkerhaugen
  • Gunhild Lindheim, Akkerhaugen
  • Anne Aanessen Stoa, Gjemlestad Kvinesdal
  • Kittil K. Lindheim, Akkerhaugen
  • Ingeborg Østbø, Bø
  • Maren Lindheim, Gvarv
  • Ole K. Lindheim, Gvarv
  • Maren Tangen, Notodden
  • Ingeborg Solstad Hegna, Akkerhaugen
  • Maren Solstad, Gvarv
  • Andreas Espedalen Hagen, Bø
  • Maren Djupskås, Bø
  • Ragnhild Innleggen, Bø
  • Olav Hagen, Bø

Dei av desse som er i live, eller etterkomarane, må kontakte landmann Martin Thompson i USA på epost: msthompson49@gmail.com  innan 30 dagar frå 7. februar 2012. Dette for å gjere interessene sine gjeldane.

Annonse

– Dette er spennande, men me sel ikkje skinnet før bjørnen er skoten. Førebels har det berre gått pengar ut av kontoen til eit amerikansk advokatfirma, seier Olav Norheim i ein prat med Varden.

Facebook-knapp kommer her

Klondykestemning

Han og broren Hans er saman med seks andre i slekta arvingar til mineralførekomstane i eit jordstykke på 430 dekar i Crosby i Nord-Dakota. Der er det skikkeleg klondykestemningom dagen. Området som telemarkingane har rettar i, er ein del av eit kjempeområde, der det så langt er konstatert 25 milliardar fat med olje, ifølgje Olav Norheim.

– Mamma og tanta vår fekk brev i 2007. Før det visste me ikkje noko. Me trudde ikkje på dette i starten, seier Olav Norheim, som har vore i USA fleire gonger etterpå.

Må vere realist

– Så du hadde ikkje rekna med å bli oljesjeik?
– Det er langt igjen til plagget er på hovudet. Førebels har me ikkje inngått noko avtale. Ein amerikansk advokat tek seg av interessene våre. Men eg kjem nok til å halde på med å jobbe, men kanskje trappe noko ned vinterstid, om det blir pengar av det. Det gjeld å vere realist, seier Olav Norheim.

Er du arving?

Han har hatt god hjelp av landmålar Martin Thompson. No har han fått førespurnad frå Thompson om 19 andre namn til eit anna oljefelt i Mc Kenzie County (sjå faktaboks).

– Nokre av namna er oppklart. Thompson aner ikkje kven av personane på lista som er i live eller ikkje. Dei som lever, eller er etterkomarar av eventuelt døde personar på lista, må ta kontakt med Thompson snarast. Rettane deira går ut i løpet av 30 dagar frå 7. februar. Derfor gjeld det å opne skuffar og skåp kjapt, seier Olav Norheim.

 

Siste nytt



Jobb i Telemark (194)