AVSLUTNING: AVSLUTNING: Klasse 1 B på Ulefoss skule avslutta programmet «Zippy Friends» i går. BEGGE FOTO: HALVOR ULVENES
Jippy for Zippy
Som dei fyrste i Telemark har fyrsteklassingane i Nome vore gjennom programmet «Zippys venner» for å takle opp- og nedturar i kvardagen.
DIPLOM: DIPLOM: Her er klasse 1 A Ulefoss skule med klassestyrar Camilla Grini etter at dei fekk utdelt diplom for kurset i går.
NOME Programmet har som målsetjing å lære barna å identisere og snakke om følelsar, mestre utfordringar i kvardagen og støtte andre som har det vanskeleg.
24 timar
Barna i Nome har vore samla 24 gonger og fått historier om pinnedyret Zippy og vennene hans. Aktiviteten i timane har variert mellom historiene om Zippy, teikning, rollespel, øvingar, leik og samtale.
Ved avslutningsseremonien i går gav elevane uttrykk for at både teikning og den mystiske boksen var nokre av høgdepunkta i desse timane.
– Eg ser alt at de har teke lærdom av Zippy, var gladmeldinga frå klassestyrar Camilla Grini til smårollingane i 1 A.
Fleire i Telemark
Helsesyster Inger Elisabeth Borge har og deltidsstilling som regionsekretær i Zippys Venner. – Totalt er det 460 skular i Noreg som brukar programmet, men berre Nome i Telemark. Målet mitt er at i løpet av året skal 15 skular i fylket ha teke det i bruk. Førebelse resultat frå ei doktorgradsavhandling syner god effekt, fortel ho til Varden.
Mange slit
Undersøkingar fortel at ein av fem ungdommar slit med den psykiske helsa.
– Dette er eit internasjonalt program som blir nytta i 16 land. Utgangspunktet var å førebyggje sjølvmord. Folk lærer å takle sine eigne liv. Helsedirektoratet sponsar oss, så programmet er gratis for skulane. Det er bra, seier Inger Elisabeth Borge.















