annonse

Jubla for kulturpris

MED FLAGG
MED FLAGG: MED FLAGG: Store og små i Øyfjell jubla for at Harald Rishovd fekk kulturprisen. FOTO: HALVOR ULVENES (Foto: HALVOR ULVENES)

Harald Rishovd blei torsdag kveld tildelt kulturprisen til Vinje kommune for 2012. Store og små frå Øyfjell hadde møtt fram med flagg for å heidre sambygdingen.

Halvor Ulvenes

Det var ordførar Arne Vinje som stod for overrekkinga før opninga av kommunestyremøtet. Prisen er på 20.000 kroner, diplom og blomar.

Facebook-knapp kommer her

Snøbrettmiljøet

Rishovd har vore ein nøkkelmann i idrettsmiljøet i over 30 år. Arne Vinje peika på at han la til rette for at snøbrettutøvarar som til dømes Terje Håkonsen og � shild Lofthus hevda seg så godt.

– Du har utvilsamt vore ein av dei fremste dugnadsarbeidarane. Du gjer det betre å leve her. Det sterke engasjementet ditt trur eg skuldast ei sterk indre glede, sa Arne Vinje til prisvinnaren. Han understreka at Rishovd er ein svært verdig vinnar.

Kultursjef Signe Marie Kittelsaa sa i tala si at årets vinnar er etter hennar hjarte.

Belønning

Harald Rishovd sa at prisen er ei belønning for at han har hatt det gøy i 30 år.

– Øyfjell er ei fantastisk bygd, sa prisvinnar Harald Rishovd i takketala si.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse